Aktuell informasjon

Underteikna avtalar med idrettsrådet og amatørkulturrådet

Det var tid for kake og kaffi fredag ettermiddag då leiarane av idrettsrådet og amatørkulturrådet saman med leiinga i kommunen underteikna ein to-årig samarbeidsavtale.

Signering av avtalen med amatørkulturrådet. Frå venstre; kulturleiar Christel Møvik-Olsen, ordførar Tom Georg Indrevik og leiar i amatørkulturrådet, Oddvar Rebnord. - Klikk for stort bileteSignering av avtalen med amatørkulturrådet. Frå venstre; kulturleiar Christel Møvik-Olsen, ordførar Tom Georg Indrevik og leiar i amatørkulturrådet, Oddvar Rebnord. 

I oktober 2020 godkjende kommunestyret samarbeidsavtalane. Avtalane skal regulera samarbeid mellom kommunen og dei to råda.

- Vi har hatt eit samarbeid med idrettsrådet i mange år. I 2020 vart det oppretta eit amatørkulturråd. Vi er glade for at vi no har to slike råd. Vi skal etablera dei same rutinane med amatørkulturrådet som vi har med idrettsrådet. Det viktigaste er kva vi får til i praksis, seier kulturleiar Christin Møvik-Olsen.

Råda får kvar sine 30 tusen kroner i året til drift.

Idrettsrådet representerer den samla idretten og har til ei kvar tid ansvar for å sjå heilskapen i idrettslivet i Øygarden. Rådet skal hjelpa kommunen å ta avgjerd til beste for all idrett, og bidra til at måla i idrettsplanen til kommunen (i kulturplanen) vert nådd. Det er ønskeleg at idrettsrådet skal fungera som eit rådgivande organ for idrettssaker i kommunen.

- I den samanhengen er det viktig at vi kjem inn tidleg i prosessane, seier leiar av idrettsrådet, Oddvar Monslaup.

Samarbeidet med idrettsrådet har mellom anna hatt som konsekvens at idrettskonsulent Ivar Einarsen har delteke fast på styremøta i idrettsrådet.

Frå venstre kulturleiar Christel Møvik-Olsen, ordførar Tom Georg Indrevik og leiar i idrettsrådet, Oddvar Monslaup. - Klikk for stort bileteSignering av avtalen med idrettsrådet. Frå venstre kulturleiar Christel Møvik-Olsen, ordførar Tom Georg Indrevik og leiar i idrettsrådet, Oddvar Monslaup.  

I kommunestyresaka går det fram at Øygarden amatørkulturråd og Øygarden kommune har felles mål og verdiar for å leggja til rette for kultur og kulturelle aktivitetar og utvikling som førebyggjande folkehelsearbeid, trivsel og attraktive fritidstilbod, samt gode oppvekst- og levevilkår. Det er ønskeleg at rådet skal fungera som eit rådgivande organ for amatørkultursaker i kommunen.

Ordførar Tom Georg Indrevik ser for seg at avtalene med desse to råda for ettertida skal ha ei varigheit på fire år.

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke