Ulovleg flaggheising vert ikkje meldt til politiet

Øygarden kommune har etter ei totalvurdering konkludert med at heisinga av det russiske flagget på ei av flaggstengene ved Øygarden rådhus på Straume natt til sundag ikkje skal meldast til politiet.

Øygarden rådhus - Klikk for stort bileteØygarden rådhus


Ordførar Tom Georg Indrevik understrekar igjen at kommunen ser alvorleg på det som skjedde.

- Dette skjedde på kommunal eigedom og var eit alvorleg brot på flaggreglementet. Dersom slike ulovlege forhold held fram, vil kommunen ta grep, seier ordføraren som ikkje ønskjer ytterlegare merksemd om saka.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Øygarden kommune