Treng køyretøy til kortesjane på 17. mai

17. mai-feiringa vert annleis i år, men dagen skal markerast slik at han vert hugsa lenge. Det vert fire kortesjar; i nord, vest, aust og sør. I tillegg til brannbilar i front er det behov for 40-60 køyretøy. 

Jan Gaute Haug og Jarl Martin Hestad (bak rattet) er klare for å hjelpa kulturleiar Christel Møvik-Olsen med fire kortesjar på 17. mai. - Klikk for stort bileteJan Gaute Haug og Jarl Martin Hestad (bak rattet) er klare for å hjelpa kulturleiar Christel Møvik-Olsen med fire kortesjar på 17. mai. 

Kulturleiar Christel Møvik-Olsen vil gjerne koma i kontakt med folk som kan stilla med russebuss med lydanlegg, lastebil med flatplan, traktor med hengar og motorsykkel på nasjonaldagen.

Kortesjane køyrer samstundes i tidsrommet 13.00-15.00. Dei skal i størst mogleg grad dekkja heile Øygarden. Dette kan bidra til at folk slepp å køyra bil og at det vert trengsel av folk.

- Vi vil gjerne koma i kontakt med folk som kan stilla med lastebil, traktor eller motorsykkel.
Vi er også i dialog med veteranbilklubbar. Det kan mellom anna verta aktuelt å leggja til rette for at korps kan spela frå lasteplana. Ta gjerne kontakt med meg på e-post. Når vi har fått tilgang til tilstrekkeleg med køyretøy, set vi strek, seier Møvik-Olsen.

E-post til Christel Møvik-Olsen er: Christel.Movik-Olsen@oygarden.kommune.no



Tekst: Vigleik Brekke