Aktuell informasjon

Treng fleire tilbydarar

Etter to og eit halvt år med Småoppdrag+ (tidlegare SOPP+), er det behov for fleire tilbydarar av småoppdrag i heile Øygarden.

Reingjering er døme på oppdrag Småoppdrag+ kan utføra. - Klikk for stort bileteReingjering er døme på oppdrag Småoppdrag+ kan utføra. 

Det heile starta med å utføra små, enkle tenester for folk i nærområdet. Initiativtakar Sigurd Hope seier at det for tida er fem tilbydarar (to kvinner og tre menn) av småoppdrag. I 2021 er det utført meir enn 60 oppdrag til om lag 20 faste kundar. Målgruppa er eldre innbyggjarar og/eller innbyggjarar med funksjonssvikt.

- Fram til no har vi stort sett hatt oppdrag i området tilsvarande gamle Fjell kommune. Mange av kundane tek kontakt fleire gonger for å få utført ulike oppdrag. Dette er svært kjekt og gjev inspirasjon til å gjera endå meir. Kundane viser stor takksemd og er nøgde med oppgåvene vi utfører, seier Sigurd Hope.

Det viser seg at behovet etter alt å døme er like stort i alle delar av kommunen. Småoppdrag + ønskjer kontakt med pensjonistar eller ungdom mellom 18 og 25 frå gamle Sund kommune og gamle Øygarden kommune som vil vera med å hjelpa andre.

- Vi treng også fleire tilbydarar i gamle Fjell kommune. Det vert lagt stor vekt på tryggleik og sjølvstendige folk ein kan lita på, seier Hope.

Her er nokre døme på oppgåver som er utførte:

  • Vask av vindauge
  • Rydding
  • Vask av kjøle-/fryseskap
  • Hårstell
  • Innkjøp
  • Følgje til lege, tannlege, frisør og liknande
  • Montering av flatpakker
  • Rydding ut av bod
  • Hagearbeid
  • Lettare vedlikehald på hus/garasje/bod
  • Vask av terrasse
  • Klipping av hekk og buskar
  • Klipping av plen
  • Bering eller hogging av ved
  • Måking av snø/strøing
  • Fjerning av lauv
  • Fjerning av ugras
  • Grusing av veg
  • Beising av terrassogolv

Sigurd Hope - Klikk for stort bileteSigurd Hope 

 

 

 

 

 

 

 

 

 




Du kan finna informasjon om Småoppdrag+ på heimesida til Øygarden kommune ved å søkja på Småoppdrag+. Du kan også kontakta leiaren for Småoppdrag+, Sigurd Hope på telefon 901 61 524 for å få meir informasjon eller melda di interesse.

Alle tilbydarar vil få god opplæring og oppfølging i starten.

- Vi er ein god kameratgjeng som hjelper kvarandre og har det kjekt saman. Vi ser fram til å høyra frå deg, seier Sigurd Hope.