Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Smittetal/statistikk | Vaksinasjon | Hurtigtest

Treng fleire bøsseberarar

TV-aksjonen går dette året til arbeidet Plan gjer i kampen mot barneekteskap.
- Vi treng fleire bøsseberarar til aksjonssundagen den 24. oktober, seier fungerande leiar av frivilligsentralen, Julia Valeska Woehlert.

Julia Valeska Woehlert og Torill Selsvold Nyborg vil gjerne har fleire bøsseberarar. - Klikk for stort bileteJulia Valeska Woehlert og Torill Selsvold Nyborg vil gjerne har fleire bøsseberarar.      

Torill Selsvold Nyborg, som er tilbake som varaordførar etter opphaldet på Stortinget, er leiar av kommunekomitéen for TV-aksjonen.

- Barneekteskap er eit fattigdomsproblem. Dei som er råka av barneekteskap kjem nærast inn som slave i familien. Vi kan kjempa mot dette med kunnskap og konkret hjelp. Det er berre til å gje pengar til TV-aksjonen, seier Selsvold Nyborg.

I fjor var det ingen fysisk innsamling på grunn av koronaepidemien. I år vert TV-aksjonen gjennomført både digitalt og fysisk.

- Vi ønskjer å leggja vekt på at i år vert det fysiske bøsseberarar. Vi treng i realiteten bøsseberarar over heile kommunen. Du kan registrera deg som bøsseberar på blimed.no, seier Valeska Woehlert. Du kan også kontakta Julia Valeska Woehlert på telefon 480 36 989.

Det er mogleg å gje gåver no

Allereie no er det mogleg å gje gåver til TV-aksjonen. Dette kan ein gjera ved å gå inn på blimed.no Det er mogleg å gje via Vipps, telefon, overføring til konto, faktura og kort.

I tillegg til gåver frå enkeltpersonar kjem det inn bidrag frå kommunar, samarbeidspartnarar, næringsliv, organisasjonar, menigheter, skular, barnehagar og andre.

Dette går pengane til

Kvart tredje sekund vert ei jente gifta bort ein stad i verda. Gjennom TV-aksjonen skal ein gje jenter høve til å velja si eiga framtid, via seg til livet.

Med årets TV-aksjon er målet å nå ut til tre millionar menneske for å få slutt på barneekteskap i dei landa der problemet er størst: Bangladesh, Nepal, Malawi, Mali og Niger. 

Det vert jobba for at jenter får bli på skulen, at barn, unge og eldre får opplæring i rettane til jentene og i likestilling og at lovverket skal verna barn frå å bli gifta bort. Barn skal få vera barn, ikkje brud.

Tekst og foto: Vigleik Brekke