Tren med ein kollega: Endeleg måndag!

Måndag klokka 15 møtte me fem glade kollegaer på Kolltveit skule i Bildøybakken klare for 10 tøffe bakkeløp på vegen opp mot Bildevatnet.
- Dette gir oss mykje energi, seier Alis Kobbeltveit som er ein av dei tilsette på skulen som trimmar kvar måndag ettermiddag saman med kollegaer uansett ver.

Det er stor entusiasme i treningsgruppa. Frå venstre; Helene O. Farsund, Kristina Sangolt, Øyvind Hompland, Hege Høyland og Alis Kobbeltveit. - Klikk for stort bileteDet er stor entusiasme i treningsgruppa. Frå venstre; Helene O. Farsund, Kristina Sangolt, Øyvind Hompland, Hege Høyland og Alis Kobbeltveit.

Som ein del av prosjektet Jobben gjer frisk inviterer Øygarden kommune tilsette til å trena saman med kollegaene. Med «Tren med ein kollega» vert du som tilsett invitert å delta i felles aktivitet saman med kollegaer på dei ulike einingane. Det er laga til registreringsskjema. Den 5. mai vert nokre einingar kåra som vinnarar av ein uhøgtidleg, men motiverande konkurranse.

Les meir om Tren med ein kollega her.

Her registrerer du øktene (for tilsette).

Der finn du også informasjon om talet på treningar for eininga di og konkurrerande einingar. Det er viktig å registera all trening for å nå fram i konkurransen.

Konkurrerer mot oss sjølv

Kollegaene på Kolltveit skule har eit ganske kort, men effektivt opplegg. I tre tida møtest dei på skulen og joggar til Bildøybakken før dei tek dei 10 krevjande bakkeløpa på 200 meter før dei joggar tilbake til skulen. Mellom fire og ti mosjonistar møter opp til trening kvar måndag.

Alis Kobbeltveit fortel at dette felles treningsopplegget er ein konsekvens av at 10 kollegaer deltok i stafetten i Bergen Maraton i april i fjor. Alle som kan visa til fem timars trening, får ei flaske med eigen personleg logo.

-  Vi konkurrere berre mot oss sjølv, og alle spring i sitt tempo. Me heiar på kvarande, er i ulike aldrar og har ulike treningserfaring. Vi har trimma i 26 grader pluss og fem grader minus. Veret stoppar oss aldri. Det er lett å ty til unnskyldningar på førehand, men etterpå vert vi salige, ler Alise.

Alle som trenar minst fem timar får drikkeflaske med personleg logo. - Klikk for stort bileteAlle som trenar minst fem timar får drikkeflaske med personleg logo.

Alle som trenar minst fem timar får drikkeflaske med personleg logo

Ein viktig pådrivar for treningsgruppa er Øystein Kobbeltveit som gjerne vert kalla generalen. For småbarnsmora Kristina Sangolt var dette treningsopplegget perfekt.

- Generalen pressar oss og sjekkar ut kvar måndag at flest mogleg vert med på treninga, seier ho.

Helene O. Farsund seier at ho hadde behov for litt hjelp for å koma i trening.

- Eg kjenner meg friskare, og det gir meg energi.

Når vi spør om dei vert betre lærarar med denne treninga, trekkjer dei litt på det.

- Det gir jo meir energi, og då vert vi vel betre lærarar, seier Hege Høyland.

Alis meiner at fellesskapet er det viktigaste med dette. Ho oppmodar også andre einingar om å delta i kampanjen «Tren med ein kollega».

- Og så fristar vi med eige julebord og sommarfest for dei som er med, minner ho om.


Tekst og foto: Vigleik Brekke