Tre utvalsmøte og strategisamling i neste veke

Det handlar mellom anna om framtidig omsorgstilbod, tilsynsavtalar for hallar og reguleringsplanar når tre utval skal ha møte i veka som kjem. Formannskapet har strategisamling den 7. juni og ordinært møte den 9. juni.

 Møta skal vera med fysisk frammøte.  Arkivfoto rå møte i formannskapet i mai 2020 - Klikk for stort bileteMøta skal vera med fysisk frammøte. Arkivfoto rå møte i formannskapet i mai 2020. 

Utval for tenester og levekår (UTL) skal i saka gje innstilling til om framtidas behov for helse- og velferdstenester. Eit arbeidsutval har utarbeidd eit dokument med gjennomføringsplan for desse tenestene. Utvalet skal elles ta stilling til ei sak om tilsynsavtalar for fleirbrukshallar og gymnastikkhallar. UTL skal også fordela ulike former for kulturstøtte.

Utval for tenester gjennomfører møtet fysisk i kultursalen i Øygarden rådhus på Straume. Møtet vert halde den 9. juni og tek til klokka 14.00. Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

Utval for samfunnsutvikling skal på møtet den 8. juni ta stilling til handlingsprogram for Miljøløftet 2022-2025 og bruksbygg som ikkje er i bruk. Møtet tek til klokka 14.00. Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

Utval for plan skal ha møte den 10. juni klokka 14.00. Mellom sakene er detalregulering for Ebbesvika-Straume og detaljregulering for Skogsleitet. Her er innkalling med saksdokument.

Formannskapet skal ha strategisamling kl. 09.00-17.30. Tema er kommuneplanen, det økonomiske utfordringsbiletet og gjennomgang av status for kommunalsjefområda. Formannskapet skal ha ordinært møte onsdag 9. juni frå klokka 09.00. Her skal ein mellom anna ta stilling til oppstart av aksjonssenter på Øygarden lokalmedisinske senter.
Her kan du lesa innkalling og saksdokument.