Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | SmittetalSmitteverntiltak | Vaksinasjon

Tre utvalsmøte i neste veke

Drøftingssak om nytt rådhus og kulturhus og behov for nye årsverk på helsestasjon/skulehelsetenesta er mellom sakene dei tre utvala skal behandla neste veke.

I denne saka vert det drøfta om kommunale funksjonar kan etablerast i eller ved den nye vidaregåande skulen som er vedteken plassert ved Stovevatnet på Straume. - Klikk for stort bileteI denne saka vert det drøfta om kommunale funksjonar kan etablerast i eller ved den nye vidaregåande skulen som er vedteken plassert ved Stovevatnet på Straume. 

I saka «Oppdatert drøftingssak om nytt rådhus og kulturhus» ber kommunedirektøren kommunestyret å ta stilling til nokre hovudspørsmål knytt til lokalisering. Først skal utval for samfunnsutvikling behandla saka den 11. mai.

Kommunedirektøren ber om at det vert teke stilling til om ein skal arbeida vidare ut frå intensjonen om lokalisering av rådhus og/eller kulturhus i tilknyting til ny vidaregåande skule som skal byggjast ved Stovevatnet. Saka er lagt fram utan innstilling.

Utval for plan har møte måndag 10. mai klokka 14.00.  Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

Utval for samfunnsutvikling har møte tysdag 11. mai klokka 14.00. Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

Utval for tenester og levekår har møte onsdag 12. mai klokka 12.00. Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

Alle møta vart gjennomførte som Teams-møte og overført på kommune-TV.