Tre utval konstituerte seg i dag

Ungdommens kommunestyre (UKS) konstituerte seg med Karoline Sæle Einevoll som leiar og Thomas Mikal Hornnes som nestleiar. Eldrerådet skal leiast av Sverre Bungum, medan Ernst Einarsen (H) vert leiar av råd for menneske med funksjonsnedsetting.

UKS Øygarden frå 2020. Frå venstre; Håkon Øvretveit, Adrian Aas Kleppe, Rowena Risløw, Ingrid Skjold, Karoline Sælre Einevoll (leiar), Marte Fjell Brommeland, Stine Lundmark og Tomas Mikal Hornnes (nestleiar). Geir Ove Spjeld var ikkje til stades. - Klikk for stort bileteUKS Øygarden frå 2020. Frå venstre; Håkon Øvretveit, Adrian Aas Kleppe, Rowena Risløw, Ingrid Skjold, Karoline Sælre Einevoll (leiar), Marte Fjell Brommeland, Stine Lundmark og Tomas Mikal Hornnes (nestleiar). Geir Ove Spjeld var ikkje til stades. Vigleik Brekke  

Karoline Sæle Einevoll, som vart vald som leiar i UKS går i 10. klasse på Fjell ungdomsskule og har mellom anna vore engasjert i MOT.

Thomas Mikal Hornnes går i 10. klasse på Tranevågen ungdomsskule og vart vald som nestleiar.

- Eg opplever meg som ein leiartype og er god til å formulera meg. Ei  av sakene eg er oppteken av, er busstilbodet. Folk slit med å koma seg fram til aktivitetar på ettermiddags- og kveldstid, seier Hornnes.

Utover konstituering drøfta dei engasjerte ungdomspolitikarane tema og saker dei ønskjer å koma tilbake til seinare. Det handla mellom anna om skulekvardagen, gratisprinsippet for skuleturar, kollektivtilbod og tilbod om fritidsaktivitetar. På neste møte er det aktuelt å få informasjon frå kommunalsjef for Oppvekst. Politisk kontaktperson i UKS er varaordførar, for tida Atle Dåvøy (KrF).

Frå møtet i eldrerådet i dag. - Klikk for stort bileteFrå møtet i eldrerådet i dag. Kjell Andersland  

Klikk for stort bileteFrå møtet i råd for menneske med funksjonsnedsetting. Vigleik Brekke  
Råd for menneske med funksjonsnedsetting konstituerte seg med Ernst Einarsen (H) som leiar og Sindre Andreassen som nestleiar. Leiar av eldrerådet vert Sverre Bungum, medan Marit Karin Schmidt Lie vert nestleiar. Begge desse representerer pensjonistlaga.


Tekst: Vigleik Brekke