Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset i Øygarden | Registrer deg for vaksine | Smitteverntiltak i Øygarden

Tre aktørar ha gjeve tilbod på støykontrakt

Alle dei tre leverandørane som vart prekvalifisert til å gje tilbod på støykontrakt for Sotrasambandet har levert inn tilbod på kontrakt om lokale støytiltak på bustader langs nytt Sotrasamband.

Foto: Statens vegvesen - Klikk for stort bileteFoto: Statens vegvesen 

Leverandørane som har levert tilbod er lokale firma. Dette er:

  • Åsane Byggmesterforretning AS
  • Bergan bygg AS
  • TH BHAS BYGG

Økonomisk ramme for kontrakten er 250 millionar kroner. Kontrakten er utforma som ei fireårig rammeavtale med opsjon på forlenging. Etter gjennomført forhandling,vil inntil tre leverandørar kunne tildelast kontrakt. Dei vil deretter konkurrera på oppdrag gjennom eigne avrop innanfor rammeavtala.

Tildeling i april

Kontraktsmodellen som er valt gjer arbeidet føreseieleg for Statens vegvesen i gjennomføringa samstundes som konkurranse på kvalitet og pris er sikra gjennom avrop på rammeavtala.

Byggeleiar i Statens vegvesen Birger Ræmisch Matthiessen seier til nettsida til Statens vegvesen at han er godt nøgd med at alle tre har levert tilbod.

- No skal tilboda forhandlast. Planen vår er å tildele kontrakten i løpet av april, med kontraktssignering i mai.

Mathiessen håpar dei første arbeida kan setje i gang i løpet av sommaren.