Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna.
Opningstid kl. 08.00 til 15.00 alle dagar (mån-sun).
Her finn du oppdatert informasjon, råd og tiltak om koronaviruset i Øygarden kommune

To nye smittetilfelle i Øygarden

Det er påvist smitte hjå to personar i Øygarden. Den eine er tilsett på ein tannklinikk, medan den andre smitta personen er elev på vidaregåande skule.

Illustrasjon - Klikk for stort bileteIll. 
 

Den eine koronasmitta personen er tilsett på Colosseum Tannlege Sotra på Straume. 28 personar (pasientar og tilsette) er sett i karantene som ein konsekvens av smittetilfellet. Smittevernlege Jens Eikås seier at det er god dialog med tannklinikken og god kontroll på smittesporinga. Den smitta personen er busett utanfor Øygarden kommune.

Ein vidaregåande elev busett i Øygarden har fått påvist koronasmitte. Eleven går på skule i Bergen. 32 personar (medelevar, kjenningar og lærar) er sett i karantene. Elevane fekk melding om smittetilfellet i løpet av gårsdagen, og dei har dermed ikkje vore på skulen i dag. Assisterande smittevernlege Bjørg Møllerløkken seier at smittesporinga er i sluttfasen.

Inklusive smittetilfellet på Fjell ungdomsskule, meldt tidlegare i dag, har totalt 65 personar med bustadadresse i Øygarden vore smitta av koronaviruset.

Ordførar Tom Georg Indrevik understrekar at det utfordrande for dei som vert smitta.

- Det er viktig å hugsa på at alle kan verta smitta. Difor skal vi unngå å bidra til at dei som vert ramma av smitte, opplever dette som ei ekstra belastning, seier ordføraren.

Tekst: Vigleik Brekke