Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna.
Opningstid kl. 08.00 til 15.00 alle dagar (mån-sun).
Her finn du oppdatert informasjon, råd og tiltak om koronaviruset i Øygarden kommune

To nye smittetilfelle i Øygarden

I dag kom det melding om at to personar er smitta av koronaviruset.

Illustrasjon - Klikk for stort bileteIll. 

Smittevernlege Jens Eikås seier at dei to personane allereie var i karantene då dei vart testa. Dermed vil ikkje desse to smittetilfella medføra at nye personar vert sett i karantene.

Dei to smitta personane har utanlandsk statsborgarskap og var ein del av arbeidsfellesskapet til ein person med utanlandsk statsborgarskap som allereie er i isolasjon på grunn av påvist koronasmitte på tysdag.

Den utanlandske statsborgaren som fekk påvist smitte på tysdag og lagt inn på Haukeland universitetssjukehus, er no utskriven frå sjukehus, men framleis i isolasjon.

Pr. dato er det totalt tre personar i isolasjon. Totalt har 57 personar med bustadadresse i Øygarden vore smitta av koronaviruset.