To nye apotek i Øygarden vaksinerer

Øygarden kommune har inngått avtale med Apotek 1 på Sund Senter og Ågotnes om vaksinasjon mot koronaviruset.
- Vi er glade for å kunna bidra med vaksinasjon her på senteret, seier dagleg leiar i Apotek 1 Sund Senter, Hege-Kristine Lorentzen.

Hege-Kristine Lorentzen ønskjer velkomen til vaksinasjon på Apotek 1 Sund Senter frå onsdag 26. januar. - Klikk for stort bileteHege-Kristine Lorentzen ønskjer velkomen til vaksinasjon på Apotek 1 Sund Senter frå onsdag 26. januar. 

I romjula starta Vitusapotek Sartor Storsenter opp med vaksinasjon. No vert det også mogleg å vaksinera seg på apotek på Sund Senter og på Ågotnes. I tillegg er det tilbod om å få vaksinedosar på legekontoret på Rong (tlf. 56 38 21 10, kl. 08.00-15.00).

Hege-Kristine Lorentzen opplyser at apoteket på Sund Senter i første omgang startar opp med vaksinasjon fem dagar i veka (måndag – fredag kl. 09.00 – 16.30). Første vaksinasjonsdag vert onsdag 26. januar. Allereie no er det mogleg å bestilla time her.

- Det er spennande å få vera med på dette. Det er viktig at vi kan ha tilbod om vaksinasjon fleire stader i kommunen. Vi har kapasitet til å setja opp til 60 dosar dagleg, seier Lorentzen.

Dagleg leiar i Apotek 1 Ågotnes, Malgorzata Socha, opplyser at apoteket startar opp med vaksinasjon onsdag 26. januar. Komande veke vert det også vaksinasjon fredag 28. januar, begge dagar mellom klokka 09.00 og 15.00. Her kan du bestilla time for vaksinasjon hjå Apotek 1 Ågotnes. Det vil koma meir informasjon seinare.


Tekst: Vigleik Brekke