Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Her finn du alt om koronaviruset i Øygarden kommune

To frikort vert til eitt

Frikort-ordninga for helsetenester er forenkla frå 1. januar 2021.

Ill.foto Mostphotos - Klikk for stort bileteIll.foto Mostphotos 

Dei to frikortordningane vert no eí ordning med felles tak for eigendel for alle tenestene. Taket for frikort for helsetenester for 2021 er fastsett til 2 460 kroner.

Samanslåing av dei to frikorta skal gjera det enklare for brukarane og skjerma brukarane som har dei høgaste utgiftene.

Dersom den nye ordninga skal verta vellukka for pasientane, er det viktig at alle helseaktørane rapporterer eigendelar innan fristen på to veker.

Les meir her

Plakat - Frikort for helsetenester (PDF, 224 kB)