Tips til eigenberedskap

Sikkerhverdag.no oppfordrer alle til å tenke igjennom kva for farar og ulukker som kan ramme deg heime, og til å forberede deg best muleg. Viss staumen blir borte eller du vert isolert av veret i fleire dagar, bør du vere rusta til å klare deg sjølv i nokon dagar.

egenberedskapslager-2.jpg - Klikk for stort bilete Du er ein del av beredskapen i Noreg - Råd om eigenberedskap

 

Vurder risiko og sårbarhet i heimen din

Tenk igjennom kva som kan skje, kva for konsekvensar kunne det ha fått og korleis nettopp din familie ville ha handtert det. Finn ut kven som kan trenge di hjelp og korleis du kan bidra. Viss det er utstyr du planlegg å bruke i ein nødsituasjon, ver kjent med korleis det brukast og sørg for at det virkar.

 

Slik kan du dekke grunnleggande behov i tre døgn

Dei grunnleggande behova som må dekkast dei første tre døgna av ei krise er varme, drikke, mat, legemidlar, hygiene og informasjon. Mange av oss har allereie ein god del av det vi treng for å klare oss sjølv i nokon dagar, så det er ofte ikkje så mykje som skal til for å kome heilt i mål.

Har de det mest naudsynte på plass slik at de kan klare dykk sjølve i minst tre dagar, er de rusta for å kome dykk gjennom dei fleste kriser. Om krisen blir langvarig har de med desse førebuingane kjøpt dykk tid og rom til å planlegge videae. Samstundes bidreg de også til at dei som treng det mest kan få hjelp først.

Beredskapslager i heimen

Anbefalt liste for eigenberedskap:

  • 9 liter vatn per person
  • to pakkar knekkebrød per person
  • ein pakke havregryn per person
  • tre boksar middagshermetikk eller tre posar tørrmat per person
  • tre boksar med pålegg med lang haldbarheit per person
  • nokon posar tørka frukt eller nøtter, kjeks og sjokolade
  • medisinar du er avhengig av
  • ved-, gass eller parafinovn til oppvarming
  • grill eller kokeapparat som går på gass
  • stearinlys, lommelykt med batteri, parafinlampe
  • fyrstikker eller lighter
  • varme klede, pledd og sovepose
  • førstehjelpspakke
  • batteridrive DAB-radio 
  • batteri, batteribank og mobilladar til bilen
  • våtserviettar og desinfeksjonsmiddel
  • tørke-/toalettpapir
  • litt kontantar
  • ekstra drivstoff og ved/gass/parafin
  • rødsprit til oppvarming og matlaging
  • jodtablettar (til bruk ved atomhendingar

 

Sikkerhverdag.no

Les meir om eigenberedskap hjå Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) si nettside sikkerhverdag.no.

Nokon av overskriftene her er
Øv på brann heime
Slik førebur du deg på flaum
Velg trygge kostymer
Slik forbereder du deg på at strømmen blir borte
Barnesikring i hjemmet
Bruk oljefylte omnar riktig
Vedlikehold gassutstyret på hytta
Slik førebur du deg på storm
Disse klærne er mest brannfarlige
Kjøp trygge leker til de minste

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 06.11.2018
Fann du det du leita etter?