Tilsette vart takka for jobben

Team Sykkel-VM i Øygarden - Klikk for stort bilete Sykkel - VM har engasjert heile Øygarden, med  Øygarden kommune som tilretteleggjar. Av den grunn var det tid for heider, takk og kakefeiring under lunsjen på rådhuset, der heile Team Sykkel-VM var samla på måndag.

Lunsj for tilsette - Klikk for stort bileteLunsj for tilsette

 

 

 

 

 

 

 

Sykkel - VM i Øygarden er nok det største arrangementet kommunen har tatt på seg, og som har  krevd mykje av den enkelte medarbeidar som har vore involvert.

Stolt og ivrig ordførar takkar tilsette - Klikk for stort bileteStolt og ivrig ordførar takkar tilsette

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Ein stolt ordførar takka varmt alle som har stått på for å få arrangementet vellukka i hamn, og ikkje minst er det fantastisk at ein har lokal kompetanse til å få til eit slikt løft. Spesielt framheva vart kulturleiar Christel Møvik - Olsen, som har vore prosjektleiar for arrangementet, og som roleg har ført det heile i hamn! 

Medalje, hederleg omtale og klem frå rådmannen til prosjektansvarleg Christel - Klikk for stort bileteMedalje, hederleg omtale og klem frå rådmannen til prosjektansvarleg Christel

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Men alle fortente heider og rådmann Siri Fahlvik Pettersen delte ut medaljar til alle i teamet. Men først måtte ordførar Børge Haugetun verta heidra for sin heltmodige innsats på Rongesundsbrua der han promoterte Øygarden gjennom bruhopping søndag morgon, VM sin siste dag.  

Medalje for bruhopping  på Rongesundsbrua - Klikk for stort bileteMedalje for bruhopping på Rongesundsbrua

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Børge Haugetun vert klargjort for bruhopping - Klikk for stort bileteBørge Haugetun vert klargjort for bruhopping

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Frå v Arne Gunnar Solsvik, Øyvind Solsvik, ordførar Børge Haugetun, prosjektleiar Christel Møvik-Olsen - Klikk for stort bileteFrå v Arne Gunnar Solsvik, Øyvind Solsvik, ordførar Børge Haugetun, prosjektleiar Christel Møvik-Olsen

 

 

 

 

 


 


      

 

 

Team Sykkel-VM i Øygarden - Klikk for stort bileteTeam Sykkel-VM i Øygarden

 

 

 

 

 

 

 

 

Heile Team Sykkel-VM i Øygarden fekk medalje!
Framme frå venstre:
Jarl  Danielsen og Jarle Hagen - vaktmeisterteam, Liv Edel Mikkelsen, kulturmedarbeidar/ dagleg leiar Frivilligsentralen, hadde saman med Henrik Angermund ( ikkje til stades på biletet) ansvar for dei frivillig, Kenneth Nilsen: Teamleiar vaktmeistrane, Silvia Haugland: informasjon, Christel Møvik - Olsen: kultur-/prosjektleiar. 
Bak frå venstre:
Andreas Kårbø og Jon Ivar Friborg ( ikkje til stades) er til dagleg prosjektleiarar for utbygging, men gode medhjelparar laurdag g søndag), Øyvind Andersen, Mons Terje Alvheim, Nils Atle Sæle, Emil Skråmestø Reitan og Andreas Buschmann Turøy - alle frå vaktmeisterteamet, Ingunn Teigen: informasjon, Jarl Hestad: logistikk/ beredskap, Arne Gunnar Solsvik:  programansvarleg, musikk, teknikk, mm, Jan Gaute  Haug: beredskapansvarleg, Børge Haugetun: ordførar, Øyvind Solsvik: programansvarleg, musikk, teknikk, mm. og Siri Fahlvik Pettersen: rådmann.

Og kakene vart baka i ein fei av assisterande kjøkkensjef Anne Grethe Andersen på Tednebakkane omsorgssenter. Dei smakte fortreffelig! Jubileumskaker - Klikk for stort bileteJubileumskaker

Publisert av Ingunn Teigen. Sist endra 27.09.2017
Fann du det du leita etter?