Tilsett på skule i Øygarden er sikta for mogleg overgrep

Ein person tilsett på ein grunnskule i Øygarden vart sundag 16. januar pågripen og sikta for mogleg seksuelt overgrep mot ein elev. Hendinga ligg tilbake i tid, og den fornærma er ikkje elev på skulen no.

 

 

Kommunalsjef for Oppvekst, Anne-Merete Vabø Haugane, seier at i denne situasjonen prioriterer kommunen å ivareta dei som er direkte berørte på best mogleg måte.

- Dette er ei stor belastning for alle involverte. Dei tilsette på den aktuelle skulen hadde informasjonsmøte måndag ettermiddag, seier kommunalsjefen. Også dei føresette fekk melding måndag. 

Sidan saka er under etterforsking, kan kommunen ikkje no gje meir informasjon.

Spørsmål som gjeld etterforskinga, må rettast til politiet.

Tekst: Vigleik Brekke