Tilrår plan for framtidig omsorgstilbod - Øygarden kommune

Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | SmittetalSmitteverntiltak | Vaksinasjon

Tilrår plan for framtidig omsorgstilbod

Utval for tenester og levekår tilrår at kommunestyret sluttar seg til tilrådingane frå eit arbeidsutval som har utarbeidd ein gjennomføringsplan for framtidige helse- og velferdstenester i Øygarden.

Denne paviljongen skal gje plass til heildøgsplassar olsorg om kommunestyret sluttar seg til tilrådinga frå utvalet - Klikk for stort bileteDenne paviljongen skal gje plass til heildøgsplassar olsorg om kommunestyret sluttar seg til tilrådinga frå utvalet. 

Utvalet sluttar seg til gjennomføringsplan med tiltak og økonomiske konsekvensar slik det går fram av rapporten. Dei økonomiske konsekvensane i gjennomføringsplanen skal ein koma tilbake til i samband med årleg budsjettbehandling.

Utvalet tilrår også eit tilleggspunkt fremja av Ernst Einarsen (H) der det vert vist til at det faktiske behovet for sjukeheimsplassar kan verta større enn føresett, og at det difor skal vurderast årleg om det må etablerast fleire sjukeheimsplassar for å gje brukarane dei tenestene dei har krav på.

Utvalsleiar Jan Utkilen gratulerte arbeidsgruppa med med Kristin Børve Jacobsen (Frp) i spissen for jobben som er gjort og Kjell Andersland som har laga ei flott framstilling av rapporten.

- Denne saka vert banka gjennom i kommunestyret, sa Utkilen før utvalet samrøystes gav innstilling i saka.

Blant tilrådingane er 14 heildøgn omsorgsplassar Fjell sjukeheim (paviljongen) i 2022. Kalkulert kostnad til dette prosjektet er 14 millionar kroner. Andre tiltak er å utvikla omsorgsbustader til heildøgn omsorgsplassar på Tednebakkane, Sundheimen og Straume bu- og servicesenter 2024-2026).

Her kan du lesa alle tilrådingane med estimat av kostnader (PNG, 122 kB)

Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Drift av idrettsanlegg

Utval for tenester og levekår tilrår at kommunestyret godkjenner «Den nye Øygardsmodellen – likeverdig drift av idrettsanlegg». Den totale ramma for tilskot til idretten i poeng-modellen vert for 2022 sett til om lag 1,5 millionar kroner. Kommunedirektøren løyser dette innanfor budsjettramma til kultur. Fordelingsnøkkelen til driftstilskot vert endra i tråd med saksutgreiinga.

Idrettsrådet skal ha ansvar for å følgje opp poengskalaen i driftstilskot til idretten både med omsyn til vurderingar mot det einskilde anlegg og eventuelt nye anlegg. Idrettsrådet skal også innstille på endringar i rammene som er naudsynt for å sikre føreseielege tilskot om det er auke eller nedgang i organisasjonar eller anlegg. Idrettsrådet si innstilling skal leverast som innspel til kommunens budsjettarbeid.

Kommunen tek ansvar for drift og vedlikehald av dei kommunale ute banane. Eigedom må prioritere ein eigen stilling til dette arbeidet.

Kommunen skal lysa ut tilsynsavtaler for alle kommunale kunstgrasbanar. Tilskotet for tilsyn på ute bane er 30 tusen kroner. Kommunedirektøren vert beden om å koma tilbake til dette i revidert budsjett.

Avtalen om drift, vedlikehald, utvikling og faste treningstider for Spildepollen kunstgrasbane vert sagt opp for å ivareta likeverdig drift av idrettsanlegg. Ny avtale vert delegert til kommunedirektøren.

Avtalen mellom Fjell kommune og Sotra Sportsklubb om utleigeverksemd i Sotra arena vert sagt opp for å ivareta etablering av Øygardsmodellen. Ny avtale vert delegert til kommunedirektøren.

Organisasjonar og lag betaler ikkje for bruk av dei kommunale anlegga.

Arbeidarpartiet fekk støtte for to tilleggspunkt om at det skal byggjast opp eit fond frå utleigeverksemd over 250 tusen kroner. Fondet skal sikra at den årlege ramma i driftstilskot til idretten ikkje varierer stort frå år til år. Når fondet har nådd to millionar kroner vert andre leigeoverskot sett av til fordeling til idrettslag, som kan søkja om midlar til prosjekt som aukar kvaliteten i verksemda deira.

Vil ha aksjonssenter på helsesenter

Utvalet tilrår at det vert etablert eit aksjonssenter på Øygarden lokalmedisinske senter frå hausten 2021. I samband med revidert budsjett juni 2021 må det vurderast å auka budsjettrammene med 800 tusen kroner til oppstart av aksjonssenteret ved Øygarden lokalmedisinske senter - trinn 1. Ein vil koma tilbake til opptrapping til døgndrift i komande budsjett og økonomiplan

Tilrår tilsynsavtalar for fleirbrukshallar og gymnastikksalar

Utvalet tilrår overfor kommunestyret at organisasjonar og lag ikkje skal betala for bruk av dei kommunale anlegga. Kommunen lyser ut tilsynsavtaler for fleirbrukshallar og gymnastikksalar som er mykje i bruk. For 2022 er honoraret for tilsyn i fleirbrukshall 255 tusen kroner, noko som inkluderer vakthald i helger ved utleige og open hall/ekstratrening. For gymnastikksalar som vert mykje brukt er honoraret 120 tusen kroner. Dette tilskotet er basert på tidsbruk, og dersom det i eit anlegg er stort avvik frå standarden som er lagt til grunn, kan ein i avtale med den einskilde organisasjon justere tilskotet i høve til den forventa tidsbruken.

Det skal lysast ut eige vakthald og tilsynsavtale for Sotra arena i samsvar med innkjøpsreglementet.

Utvalet retta ei stor takk til arbeidsutvalet som har utarbeidd avtalar om mellom anna drift av idrettsanlegga m.m.

Tilrår drift av basseng i Øygarden

Det vert innstilt på at organisasjonar og lag ikkje skal betala for bruk av dei kommunale symjehallane/bassenga. Øygarden kommune nyttar tilsynsavtale tilsvarande avtale som vart nytta av Fjell kommune. Denne avtalen vert omarbeidd til å gjelda for Øygarden kommune.

Øygarden kommune har ansvaret for teknisk drift og vedlikehald av kommunale symjehallar/basseng og tilsyn på dagtid.

Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Godkjente plassering av dagsturhytter

Utvalet vedtok samrøystes å plassera dagsturhytte på Veten og Blomvågsneset slik saka skildrar. SV fekk støtte for eit tilleggspunkt om at det er ønskjeleg å få med sanitæranlegg i byggjeplanen, og ein må få dette med i revidert budsjett. Ein ber om at kommunestyret legg inn 183 tusen kroner i revidert budsjett til innkjøp og etablering av sanitæranlegg til begge hyttene.

Skjermbilete frå møtet i utval for tenester og levekår onsdag. - Klikk for stort bileteSkjermbilete frå møtet i utval for tenester og levekår onsdag. 

Skulesak på høyring

Utvalet vedtok å leggja sak om nedlegging av Blomvåg skule og påfølgjande justering av skulekrinsgrenser på høyring med høyringsfrist 30. september i år. Vedtaket vart gjort mot fire røyster (Ap, Folkeaksjonen Nei til meir bompengar og SV). SV fekk ikkje fleirtal for å utsetja saka i påvente av heilskapleg plan for skulestruktur.

Revidert sak om høyring av skulekrinsrøysting for Misje og Turøyna

Utval for tenester og levekår vedtok å leggja saka «Skulekrinsjustering for Misje og Turøy» på høyring slik ho ligg føre. Høyringsfristen vert sett til 30 september 2021. Etter forslag frå Arbeidarpartiet vart det lagt inn eit tilleggspunkt om at ved eventuell skulekrinsjustering for Misje og Turøy vert det lagt til grunn at elevar frå Misje og Turøy som allereie er elevar på Landro skule, framleis kan sokna til Landro skule. Elevar frå Misje og Turøyna som har søsken på Landro skule, kan også sokna til same skole som sine søsken.

SV fekk ikkje støtte for å utsetja saka.                                       

Sotra Golfpark får ikkje skjenkeløyve

Sotra Golfpark får avslag på søknad om fast skjenkeløyve. I debatten peika fleire på det uheldige i blanding av idrett og alkohol.

Gav to skjenkeløyve

  • Panorama Hotell & resort AS får innvilga vanleg skjenkeløyve for alkohol for gruppe 1,2 og 3. 
  • Sommarrestaurant ved Hengjo på Hellesøy - Birkstaale AS får skjenkeløyve for alkoholgruppe 1 og 2.

TV-aksjonen kommunal komite

Utval for tenester slutta seg til framlegg i saka og etablerer kommunekomiteen for TV-aksjonen slik saka viser. Leiar for komitéen vert varaordførar.

Tildelte kulturmidlar

Utval for tenester og levekår fordelte ei rekkje typar kulturmidlar:

  • Kulturvernmidlar; 215 tusen kroner
  • Kommunale stipend; 100 tusen kroner
  • Arrangement; 622 400 tusen kroner
  • Prosjekttilskot; 300 tusen kroner

I saksutgreiinga går det fram korleis pengane er fordelte innanfor ulike støtteordningar.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Kjell Andersland