Tilrår opphavleg plan for Ebbesvika

Utval for plan tilrår å godkjenna detaljreguleringsplan for Ebbesvik slik han vart fremja i 2016. Tilrådinga vart gjort på møtet i dag mot tre røyster (Arbeidarpartiet og SV).

Leiar i utval for plan, Svein Otto Jacobsen, og medlem Jon Inge Matre. - Klikk for stort bileteLeiar i utval for plan, Svein Otto Jacobsen, og medlem Jon Inge Matre. Vigleik Brekke  

Som følgje av motsegner frå Fylkesmannen har ein gjennom dialogmøte endra planen og kome fram til eit framlegg som kommunedirektøren kunne tilrå. Sjølv om ein har kome fram til ei løysing der talet på bustader er redusert frå 166 til 113, har ikkje Fylkesmannen trekt motsegnene. Kommunen kan difor ikkje eigengodkjenna planen.

På møtet i dag fremja leiar i utvalet, Svein Otto Jacobsen (Frp), eit framlegg om å tilrå den opphavlege planen frå 2016, og dette fekk altså fleirtal. Tilrådinga er grunngjeve med at utnyttingsgraden på framlegget til kommunedirektøren er for låg til å vera i eit sentrumsnært område. I tilrådinga heiter det mellom anna at kommunane bør leggja til rette for arealeffektiv utbygging og setja krav om rekkjefølgje i utbygging av arealreservane der transportreduserande og arealeffektive prinsipp er lagt til grunn. Sentrumsnære område bør prioriterast først.

Saka går no til formell mekling hjå Fylkesmannen før behandling i kommunestyret. Dersom ikkje meklinga med Fylkesmannen fører fram, og kommunestyret vedtek planen, vert saka sendt via Fylkesmannen til endeleg avgjerd i Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Plan for Bakkane, Straume

Utvalet tilrår at detaljregulering for Bakkane, Straume, vert lagt ut til offentleg ettersyn. Planen legg til rette for å byggja 35 bustader i fire blokker med infrastruktur, uteopphaldsareal, leikeareal og gangareal med koplingar mellom Straume Sjøfront og Straume sentrum.

Planstrategi

Utvalet slutta seg til identisk innstilling frå utval for samfunnsutvikling i går. Der heiter det at kommunestyret sluttar seg til prosess for utarbeiding av Øygarden kommune sin planstrategi 2020 -2023, slik det går fram i vurderinga til kommunedirektøren. I innstillinga heiter det vidare at kommunestyret sluttar seg til framlegg om å starta arbeidet med å utarbeida planprogram for samfunnsdelen i kommuneplanen slik det går fram i vurderinga til kommunedirektøren. Når saka vet behandla i kommunestyret, vert det lagt fram prioriteringsliste av planoppgåver.

Tekst: Vigleik Brekke