Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Her finn du alt om koronaviruset i Øygarden kommune

Tilrår moglegheitsstudie for ny skule på vestsida

Utval for samfunnsutvikling går inn for å starta arbeidet med ein moglegheitsstudie for eín ny skule på Vestsida på Sotra. Utval for samfunnsutvikling konkluderte med dette på møtet i dag. Saka vert endeleg avgjort i kommunestyret.

Posisjonspartia (Høgre, Frp, Sotralista og KrF) hadde gruppemøte før avrøysting i saka om moglegheitsstudie for ny skule på vestsida. - Klikk for stort biletePosisjonspartia (Høgre, Frp, Sotralista og KrF) hadde gruppemøte før avrøysting i saka om moglegheitsstudie for ny skule på vestsida. 

Innstillinga vart vedteken etter forslag frå fleirtalspartia; Høgre, Frp, Sotralista og KrF. I innstillinga heiter det at moglegheitstudien skal skissera ulike løysingsscenario for ny skule på vestsida av Sotra. Moglegheitsstudien vert utgreidd av kommuneadministrasjonen. Eventuell konsulentkjøp kjem ein tilbake til i eiga sak. Moglegheitsstudien skal leggjast fram i løpet av 2021. Innstillinga vart vedteken med seks røyster (fleirtalspartia).

Mindretalet (Ap., Sp, Folkeaksjonen Nei til meir bompengar og Raudt) røysta for tilrådinga frå kommunedirektøren der det mellom anna står at moglegheitsstudien skal vurdera å erstatta Ulveset skule og Skålevik skule med ein ny skule på vestsida av Sotra og at skulen skal dimensjonerast for 400-500 elevar.  I mindretalstilrådinga er det også lagt opp til utgreiing av fire plasseringar av ny skule; Ulveset, Møvika, Skålevik og Sekkingstad.

y (Ap) meinte fleirtalspartia sitt framlegg var for uklart og røysta for tilrådinga frå kommunedirektøren - Klikk for stort bileteMarianne Sandahl Bjorøy (Ap) meinte fleirtalspartia sitt framlegg var for uklart og røysta for tilrådinga frå kommunedirektøren.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

I saksutgreiinga vert det vist til ein førebels framdriftsplan som viser at moglegheitsstudien vert fullført i 2021. Byggjestart er sett til 2023, medan opning av ein nye skule kan skje i 2024/2025. Dersom det vert lagt til grunn kostnader på 35 600 kroner pr. kvadratmeter, kan totalkostnaden for ein ny skule på 400-500 elevar hamna på 246 millionar kroner inklusive meirverdiavgift.

Leiar av utvalet, Andreas Kallekleiv (Høgre), oppmoda gruppeleiarane om å drøfta seg fram til ei samlande innstilling i saka. Saka om moglegheitsstudie vert endeleg behandla i kommunestyret etter behandling i formannskapet.

Andreas Kallekleiv oppmodar gruppeleiarane om å finna ei samlande innstilling i saka - Klikk for stort bileteAndreas Kallekleiv oppmoda gruppeleiarane om å finna ei samlande innstilling i saka.   

 

 

 

 

 

 

 

 

Tilrår tema- og innsatsområde for samfunnsplan

Utvalet tilrår overfor kommunestyret fire tema og innsatsområde skal leggjast til grunn for arbeidet med å utvikla planprogram for ny samfunnsdel til kommuneplan for Øygarden 2022-2034. Det er «Den gode staden å bu», «Meistring gjennom livsløpet», «Kompetent, innovativt og produktivt samfunn» og «Klimavennleg samfunnsutvikling».

Desse temaområda er ikkje å forstå som endelege og uttømmande. I det vidare medverknadsabeidet vil de vera rom for nødvendige justeringar og tilpassingar.

Andre saker i utval for samfunnsutvikling 13. oktober

  • Forskrift om frist for spreiing av gjødselvarer av organisk opphav
    Framlegg om å oppheva forskrift om frist for spreiing av gjødselsvarer av organisk opphav, Sund, på høyring i fire veker
     
  • Forskrift om bruk av mindre avlaupsanlegg
    Framlegg om å oppheva lokal forskrift for bruk av mindre avlaupsanlegg, Fjell, vert lagt ut på høyring i fire veker.
     
  • Forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar
    Framlegg til forskrift om open brenning  og brenning av avfall i småomnar, Øygarden kommune, vert lagt ut på høyring i fire veker.
  • Forvaltningsplan for hjortevilt - kommunale mål
    Framlegg til forvaltningsplan for hjortevilt i Øygarden kommune vert lagt ut på høyring i fire veker.

Tekt og foto: Vigleik Brekke