Tilrår moderat produksjonsavgift på havbruksverksemd

Formannskapet skal på møtet den 14. januar gje uttale om framtidig skattlegging av havbruksverksemd. Kommunedirektøren støttar ikkje eit fleirtal i eit regjeringsoppnemnt utval som vil innføra ein grunnrenteskatt for havbruksnæringa.

Oppdrettsanlegg - Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto Øygarden kommune   

I tillegg til å innføra grunnrentesats, føreslår utvalet at auksjonsinntektene for nye konsesjonar for havbruk skal gå til staten og at kommunesektoren vert kompensert ved at det vert innført ei produksjonsavgift som skal gå til vertskommunane. Det er vidare føreslått at skatteinntektene frå produksjonsavgifta vert lagt inn i inntektssystemet for kommunane og at dei inngår i skatteutjamninga.

I tilrådinga skriv kommunedirektøren at kommunane må få ein kompensasjon for ulempene ved å vera vertskommune for havbruk, samstundes som det er eit mål at inntektene er stabile. Det gjer ein best ved å behalda Havbruksfondet som i dag, men supplert med ei moderat produksjonsavgift som sikrar vertskommunane litt meir føreseielege inntekter. I tilrådinga heiter det vidare at desse inntekne må inngå i skatteutjamninga. Kommunedirektøren tilrår overfor formannskapet at kommunen er usamd i at inntektene til staten skal aukast ved å redusera inntektene til kommunane.

Konsekvensutgreiing for lagringsdel av CO2-demonstrasjonsprosjekt

Kommunedirektøren føreslår i ein uttale til konsekvensutgreiinga av Northern Lights (fullskala CO2 demonstrasjonsprosjekt i regi av staten) at formannskapet ser på dette som eit viktig miljøprosjekt og er nøgd med at konsekvensutgreiinga ikkje har avdekt miljø- eller samfunnsmessige konsekvensar som tilseier at prosjektet ikkje bør realiserast. I uttalen heiter det også at det vert lagt til grunn at det vert utført avbøtande tiltak knytt til miljøkonsekvensar i samsvar med det som konsekvensutgreiinga nemner.

Andre saker i formannskapet 14. januar

  • Debatthefte 2020 KS bærekraftig velferd, rekruttering og hovudtariffoppgjer
  • Val av politisk utval for oppfølging av kommunedirektøren
  • Oppretting av gebyrutval for perioden 2020-2023
  • Nasjonal tilskotsordning for å inkludera barn og unge


Møtet vert halde på Kollsnes gassanlegg og er ope for publikum. Skilting viser vegen til inngang og parkering. Møtet startar klokka 14.00