Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna.
Opningstid kl. 08.00 til 15.00 alle dagar (mån-sun).
Her finn du oppdatert informasjon, råd og tiltak om koronaviruset i Øygarden kommune

Tilrår kommunal drift av legekontor

Utval for levekår sluttar seg til forslaget frå kommunedirektøren om at kommunen overtek drifta av legekontoret i Skogsskiftet frå januar 2021.

Leiar Jan Utkilen og resten av utval for tenester og levekår tilrår kommunal drift av Skogsskiftet legekontor. - Klikk for stort bileteLeiar Jan Utkilen og resten av utval for tenester og levekår tilrår kommunal drift av Skogsskiftet legekontor.  

Dette inneber at kommunen overtek både logistikk, drift av legekontoret og personalansvar for legesekretærane og dei av legane som ønskjer å gå over på fastlønsavtale. Kontoret vil då ha ein kombinasjon av legar tilsett på fastløn og legar med driftsavtale.

Kommunen har 37 fastlegeheimlar. Det har vore ei utfordring å behalda fastlegane på Skogsskiftet legekontor over tid. Legane i Skogsskiftet har helsa ei ordning med kommunale drift av legekontoret der velkomen. Den økonomiske konsekvensen av kommunal drift av legekontoret, er ein åreleg ekstrakostnad på 2,5 millionar kroner. I innstillinga heiter det at dei økonomiske konsekvensane av endringa vert lagt inn i årlege budsjett frå og med 2021.

Saka skal vidare til behandling i formannskapet og til sist i kommunestyret.

Sender sak om omsorgstilbod til uttale

Utvalet vedtok, etter forslag frå utvalsleiar Jan Utkilen (Sotralista), å senda saksframstillinga om auke i tal på heildøgnsplassar og nytt heildøgns omsorgstilbod til råd for personar med funksjonsnedsetting og eldrerådet for uttale. Saka vert fremja på nytt i møte i utval for tenester og levekår den 14. oktober.

I forkant av behandlinga av sakene på møtet i dag, arbeidde utvalet i to timar med kva som skal prioriterast i den framtidige omsorgstilbodet i Øygarden kommune. Når kommunestyret til sist gjer vedtak, vert desse prioriteringane ein del av sjølve vedtaket. Her kan du lesa prioriteringane som følgjer saka. (PDF, 144 kB) (PDF)

Vil ha flyktningdebatt i kommunestyret

I samband med posten «Ymse» fremja Espen Cornell Jacobsen (Ap) forslag om at utvalet skal tilrå at kommunen tek imot 50 flyktningar frå Moria-leiren i Hellas. Han viste til at det er ubrukte midlar til dette og at kommunen i 2015 og 2016 tok imot 100 flyktningar pr. år. Etter ein debatt i utvalet i dag, samla ein seg om at dette spørsmålet vert sendt vidare for drøfting i kommunestyret. Det vart ikkje teke stilling til om kommunen bør ta imot ekstra flyktningar og eventuelt kor mange flyktningar kommunen bør ta imot.

Espen Cornell Jacobsen drog i gang debatt om Moria-flyktningar i utvalet i dag.  Utvalet samla seg om å utfordra kommunstyret til å ta debatten. - Klikk for stort bileteEspen Cornell Jacobsen drog i gang debatt om Moria-flyktningar i utvalet i dag. Utvalet samla seg om å utfordra kommunstyret til å ta debatten. 

Drøfta økonomirapport

Utvalet drøfta økonomirapport for 2. kvartal (pr. 31. juli). Kommunalsjef for Økonomi, Anne Erdal, svarte på spørsmål frå utvalsmedlemene. Utvalet samla seg om eit forslag frå utvalsleiar Jan Utkilen om å ta økonomirapporten til orientering og senda fleire innspel til formannskapet.

I innspela heiter det mellom anna at utvalet tilrår stillingsstopp med verknad straks. Det vert oppnemnt eit politisk utval (stillingsgruppe) som skal vurdera alle ledige stillingar med tanke på nedtrekket for å tilpassa drifta når det gjeld budsjettet. Det må vurderast om helse og omsorg skal omfattast av ordninga. Det er også tilrådd å innføra innkjøpsstopp og varer og tenester som ikkje omfattar smittevernutstyr i samband med koronaviruset. Det er også forslag om å harmonisera heimetenestene for å få budsjettet i balanse. Legetenesta må rekneskapsførast på eige prosjektnummer for koronaepidemien.

Alle elevane skal få besøkja musea

Utvalet slutta seg til planen som har som mål om at alle elevane i Øygarden skal få besøkja dei tre musea i kommunen; Nordsjøfartsmuseet, Fjell festning og Kystmuseet. Målet er å få til ei varig ordning som sikrar at alle grunnskulelevane får besøkt alle dei tre musea i løpet av skuletida.

Sjølve vedtaket vart eit kompromiss av forslag frå Jan Utkilen (Sotralista), Espen Cornell Jacobsen (Ap) og Kristin Børve Jacobsen (Frp).

Det inneber at ein skal koma tilbake til skyssutgiftene i samband med budsjettet for 2021.

Saka vert sendt til formannskapet for å få vurdert innarbeiding av utgiftene i budsjettet. Ein skal også vurdera å leggja skyssutgiftene ut på anbod i den opne marknaden.

Betre yrkesrettleiing

Utval for tenester og levekår slutta seg samrøystes til innstillinga frå kommunedirektøren om betre yrkesrettleiing for 8. til 10. årstrinn. Plan for karriererettleiing vart vedteken slik han låg føre. I innstillinga til kommunestyret heiter det mellom anna at ungdomsskulane skal arbeida målretta med faget utdanningsval. Ungdomsskulane skal følgja «Plan for karriererettleiing i Øygarden kommune» og samarbeida tett med kvarandre og Sotra vidaregåande skule (Sotra VGS). Hausten 2020 skal det utarbeidast eit årshjul for arbeidet med karriererettleiing i samarbeid med Sotra VGS.

Andre saker i utval for tenester og levekår

  • Utvalet tok sak om digitalt tilsyn for barnehagar til orientering.
  • Det Lille Bryggehuset Vidar Arnesen får salsløyve for alkohol, gr. 1.
  • Utvalet innvilga salsløyve for 22 forretningar for alkohol gr. 1.
  • 15 søkjarar fekk innvilga skjenkeløyve for perioden 1. januar 2020 til 30. september 2024.