Tilrår KLP som pensjonsleverandør

Prosjektrådmannen går inn for ei forsikra løysing i KLP (Kommunal Landspensjonskasse) for dei tilsette i Nye Øygarden kommune.

På eit drøftingsmøte med hovudtillitsvalde den 3. desember, røysta 10 tillitsvalde for KLP, medan eín tillitsvald røysta for eigen pensjonskasse. - Klikk for stort biletePå eit drøftingsmøte med hovudtillitsvalde den 3. desember, røysta 10 tillitsvalde for KLP, medan eín tillitsvald røysta for eigen pensjonskasse.

 

I dag har dei tilsette i Sund og Øygarden KLP som pensjonsleverandør, medan Fjell kommune har eigen pensjonskasse, Fjell kommunale pensjonskasse (FKP). Spørsmålet om framtidig pensjonsleverandør i Nye Øygarden kommune gjeld ikkje lærarar som har lovfesta pensjonsordning i Statens pensjonskasse og sjukepleiarar som har KLP som pensjonsleverandør.

Partssamansett utval (PSU) skal behandla saka den 11. desember, medan fellesnemnda tek endeleg avgjerd den 17. desember.

Prosjektrådmannen har både vurdert forsikra løysing i KLP og ei løysing der Nye Øygarden går til FKP og medlemsskapet i KLP vert avvikla. Ei prosjektgruppe knytt til hovudprosjekt Økonomi har vurdert pensjonsleverandørspørsmålet basert på rapport frå AON Norge, FKP, KLP og høyringssvar frå organisasjonane.

AON konkluderer med at slik saka står, heller analysen samla sett i retning av ei framleis løysing med eigen pensjonskasse. Fleirtalet  i hovudprosjekt Økonomi tilrår KLP som pensjonsleverandør. Det same gjer eit klart fleirtal blant hovudtillitsvalde og overordna styringsgruppe. Dei organisasjonane som har gjeve høyringsuttale går også inn for alternativet med KLP.

Vurderingar

I utgreiinga har prosjektrådmannen vurdert økonomiske perspektiv for den nye kommunen, organisasjonane som tek i vare perspektivet til dei tilsette og arbeidsgjevar som tek i vare begge perspektiva.

Prosjektrådmannen vurderer det som marginalt økonomiske fordelaktig å ha eigen kasse for den nye kommunen på kort sikt. På lengre sikt er det meir usikkert. I eit tilsette- og arbeidsgjevarperspektiv er det klare indikasjonar i favør av KLP som pensjonsleverandør. Ut frå ei totalvurdering tilrår altså prosjektrådmannen alternativet med forsikra løysing i KLP.

PSU er samansett av ni politisk valde medlemer og seks tillitsvalde, medan fellesnemnda er samansett av 17 politikarar frå dei tre kommunane.

PSU skal også ta stilling til eit forslag om at overordna styringsgruppe vert overordna stillingsgruppe med verknad frå 1. januar 2019. Overordna styringsgruppe er samansett av dei tre rådmennene, fem prosjektleiarar innanfor kvar sitt kommunalsjefområde og fem representantar frå tillitsvalde og verneomboda.

Møtet i PSU vert halde på Skjenet 2 på Straume og tek til klokka 09.00.
Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Tre kommunalsjefar er tilsette i Nye Øygarden kommune

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 05.12.2018
Fann du det du leita etter?