Tilrår handlingsprogram for Miljøløftet

Utval for samfunnsutvikling tilrår å godkjenna handlingsprogram 2022-2025 slik det ligg føre. Tilrådingane vart gjort mot to røyster (Folkeaksjonen Nei til meir bompengar og Frp).

 På eit gruppeleiarmøte drøfta ein seg fram til eit felles utsetjingsforslag om bruksbygg som ikkje er i bruk. - Klikk for stort biletePå eit gruppeleiarmøte drøfta ein seg fram til eit felles utsetjingsforslag om bruksbygg som ikkje er i bruk. 

Som ein del av byvekstavtalen er Øygarden kommune tilgodesett med årleg 41,9 millionar kroner i gjennomsnitt i ein 10-årsperiode.

Leiar i utvalet, Andreas Kallekleiv, var mellom dei som røysta for å godkjenna handlingsprogrammet.

- Dette er ei gladsak for heile kommunen. Det er ei stor investeringsportefølgje over ein 10-årsperiode sa, utvalsleiaren. FNB og Frp gjorde det klart i debatten at dei ville røysta imot framlegget. FNB meinte at dei økonomiske prosjekta er underfinansierte.

I handlingsplanen for 2022-2025 er det vidareført fire prosjekt i Øygarden frå den forrige handlingsplanen (2021-2024). Dette er sentrumsgate Grønamyrsvegen med 31,6 millionar kroner i 2022 og 26,5 millionar kroner i 2023 (ekskl. meirverdiavgift). Kulvert Idrettsvegen ligg inne med 10,6 millionar kroner (ekskl. meirverdiavgift). I tillegg kjem fylkesveg 561 Miljøgate Ågotnes (4,2 millionar kroner) og fylkesveg Stovevatnet og parsell av Foldnesvegen (4,2 millionar kroner).  Nye oppdaterte prosjekt er bysyklar i regionsenteret (4,4 millionar kroner) og prosjekt sykkelparkering i regionsenteret (0,8 millionar kroner).

Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Utsette sak om bruksbygg som ikkje er i bruk

Utvalet samordna framlegg frå fleirtalskonstellasjonen og Arbeidarpartiet til eit fellesframlegg om å senda saka tilbake til administrasjonen. Utvalet får saka tilbake i septembermøtet.

I utsetjingsvedtaket ber utvalet om at administrasjonen avklarar med grendalaga kva dei ønskjer når det gjeld skulane Sund, Telavåg, Glesnes, og Misje skular. Det kan vera at ein ønskjer å overta heile skulen, delar av skulen, eller at ein ønskjer ein sosial møteplass til dømes som leikeplassen på Hellesøy. Det er ikkje aktuelt at grendalaga overtar skulebygga for å gjere det til bustadar.

I vedtaket heiter det vidare at Ekerhovd skule er sterkt utsett for hærverk. Ein jobbar difor vidare med at skulen skal sanerast i første omgang, før ein ser på moglegheitene for å gjera området om til bustadformål. Ein jobbar vidare med Ekerhovd gymnastikksal som nemnt i saka. Pollen skule jobbar ein vidare med at skal sanerast. Tellnes skule kan bli overført til grendalaget slik som avtalt. Bruken av Tjeldstø barnehage avventar ein med til septembermøtet.  Utvalet ber om at det vert belyst ulike økonomiske konsekvensar.

Tilrår retningslinjer for adresseendring og adressenamn

Utvalet tilrår overfor kommunestyret å vedta retningsliner for adressering og tildeling av adressenamn for Øygarden kommune, slik dei ligg føre. Det vert rådd til at kommunestyret delegerer namnemynde etter stadnamnlova § 7 Avgjerder, til kommunedirektøren. Namneobjekt av stor offentleg betydning, t.d. torg og offentlege bygg, vert ikkje deleger

Tekst og foto: Vigleik Brekke