Tilrår endring i opplegget for skuleturar for 10. klasse

Utval for tenester og levekår (UTL) sluttar seg til tilrådinga frå kommunedirektøren om å endra eit tidlegare vedtak på skuleturar til Polen i samsvar med økonomiplanen for 2023-2026.

Robert Kaupang Sæle (H) fremja nytt forslag til opplegg for skuleturar. Forslaget vart samrøystes tilrådd. - Klikk for stort bileteRobert Kaupang Sæle (H) fremja nytt forslag til opplegg for skuleturar. Forslaget vart samrøystes tilrådd.

Tidspunktet for skuleturarane vert endra til hausten. Når det gjeld lengda på reisene, tilrår utvalet noko lengre reiser enn det kommunedirektøren hadde innstilt på.

Utvalet tilrår no at komande 10. klassar må få tilbod om lengre reiser med overnatting, blant anna til utlandet, slik tidlegare klassar har fått. Turane kan ha følgjande reisemål:

  • Shetland med fokus på Nordsjøfarten
  • Oslo med besøk på Holocostmuseet og 22. juli-senteret
  • Utøya
  • Krigsminne i nærområdet som blant anna Herdla, Matre, Voss og Gestapo-huset i Bergen.

Innhaldet i turane må vera i samsvar med kravet frå Udir; «Tilskudd til skoleturer for ungdom». 

Tilrådinga samsvarar med tilrådinga frå ungdommens kommunestyre.

Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Plan for førebyggjande arbeid for barn og unge

UTL tilrår at arbeidet med å utvikla førebyggjande plan, som politisk strategiplan og følgjande administrativ handlingsplan, vert gjennomført som skildra i saka.

Både posisjonen (Høgre, Frp, Sotralista og KrF) og Arbeidarpartiet hadde fleire tilleggspunkt som samrøystes vart vedtekne som tillegg til tilrådinga frå kommunedirektøren.

Det heiter at Arbeidet med planen skal innom den politiske styringsgruppa (UTL) i kvart møte, og den administrative arbeidsgruppa skal avstemma status med dei politiske forventningane. Planen skal utarbeidast i eit Pdf-format (papirversjonen). Planen skal vera lettfatteleg og gje den same informasjonen som den digitale løysinga.

Det vert tilrådd å utarbeida ein heilskapleg plan som består av en førebyggjande plan, som politisk strategiplan med følgjande administrativ handlingsplan. Det vert vidare tilrådd at planen tar for seg heile oppvekstområdet frå barnehage, skule, idrett og fritid

For å sikra god førebygging og god hjelp til barn, unge og familiar må det leggjast vekt på eit godt samarbeid mellom oppvekst, barnevern, helse, politi og NAV. Idrettslag og frivilligheita elles må inkluderast i arbeidet slik at det vert utvikla ei felles plattform som igjen gir gode rammevilkår for ein sentral oppvekstarena.

Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Nytt møte om to planar/strategiar

Kultur-, idrett- og frivilligstrategi 2023-2027 og Bustadsosial temaplan 2023-2032 skulle etter planen leggjast ut på høyring etter dette møtet. Det vart vedteke for begge planane at dei omstrukturerte utkasta, fremja av utvalsleiar Jan Utkilen, skal vera grunnlag for dokumenta som skal sendast ut til høyring, og at det vert kalla inn til nytt møte i UTL i slutten av mars med sikte på å få lagt planane ut på høyring.

For å gjera dokumenta meir lesarvennlege, vart det vedteke at dokumentet skal lagast i ein PDF-fil som igjen skal danna grunnlaget for ein papirversjon av planane.

I eit samrøystes vedtak heiter det at i dokumentet er det fleire oppdrag i oversikta som ikkje er svara ut. Administrasjonen skal innan neste møte leggja inn oppdrag på desse områda. Status og analysar som ligg i drøftingsnotatet, og som dannar grunnlag for ulike oppdrag, vert teke inn i papirversjonen der det er naturleg. Administrasjonen skal kvalitetskontrollera teksten i planen for faktafeil.

Det vert sett nytt møte i utval for tenester og levekår den 29. mars for å behandla planen som skal ut på høyring. Høyringsfristen skal vere fire veker.


Tekst og foto: Vigleik Brekke