Tilrår eín ny skule for vestsida
Kommunedirektøren går inn for at det vert bygd eín ny skule for vestsida og at skulen vert lokalisert på tomt 5 som er 250 meter frå senterpunktet i lokalsenteret Ulveset/Møvika. Det er tilrådd at skulen skal ha ein kapasitet på 450 elevar.
Skisse for alternativ.
Saka skal først til behandling i utval for samfunnsutvikling 31. mai.
Denne saka vart sendt tilbake til administrasjonen i utvalet i februar med oppdrag om å greia ut moglegheita for å sikra trygg skuleveg til tomtealternativ 4 i samarbeid med fylkeskommunen og å vurdera alternativ 4 opp mot å byggja ein ny skule på Skålvika.
I grunngjeva av lokalisering av skulen har kommunedirektøren lagt vekt på å vurdera kva tomt som i størst mogleg grad følgjer opp målsetjingane i den vedtekne samfunnsplanen. Han konkluderer med at å tilrå bygging av ny skule på tomt 4 ville vera i strid med gjeldande kommuneplan for areal. Ved å lokalisera skulen på tomt 5, vil alle i Ulveset skulekrins framleis ha trygg skuleveg. Kommunedirektøren understrekar også i utgreiinga av ved å byggja ein stor skule på vestsida, vil ein sikra eit større fagmiljø og slik sett eit sterkare profesjonsfellesskap.
Møtet i utval for samfunnsutvikling vert halde i kultursalen i rådhuset på Straume og tek til klokka 09.00.
Les innkalling med saksdokument her.
Tekst: Vigleik Brekke
Publisert 24.05.2022 17.10