Tilrår at namnet skal vera Hjelteryggen

Utval for samfunnsutvikling vedtok tysdag høyringsuttale til namnesak om skrivemåte av primærnamn og avleidde namn. Utvalet slutta seg til tilrådinga frå kommunedirektøren.

Hedlo er eitt av primærnamna det vert gjeve høyringsuttale til. Bilete av skiltet. - Klikk for stort bileteHedlo er eitt av primærnamna det vert gjeve høyringsuttale til.

Kartverket har teke opp namnesak for fleire stadnamn som har status som «føreslege» i Sentralt stadnamnregister. Namnesaka har vore ute til offentleg høyring. Før Kartverket gjer vedtak, har kommunen rett til å uttala seg.

I uttalen går det mellom anna fram at Øygarden kommune tilrår å bruka Hjelteryggen som skrivemåte som primærnamn. Dette vert grunngjeve med at Hjelteryggen er eit etablert namn på tettbygd bustadfelt (om lag 500 bustader) som ligg på ein fjellrygg som skrånar ned til Hjeltefjorden mot aust. Fastsetjing av anna skrivemåte vil få konsekvensar for dei om lag 1 500 personane som bur i området med tanke på namn på verksemder, barneskule, velforeining, tunnel, adressenamn for tre adresser og namn og stemmekrins.

Totalt er det gjeve uttale til 45 primærnamn. Her kan du lesa saka med grunngjeving for alle namna.

Skal vurdera solcellepanel på rådhustaket saman med andre energisparingstiltak

Utvalet slutta seg til tilrådinga frå kommunedirektøren om at utgreiing av moglegheiter for etablering av solcellepanel på rådhustaket vert vurdert saman med andre aktuelle energisparings- og vedlikehaldstiltak når energi- og tilstandskartlegging bygg 2023 er gjennomført. Tilrådinga vart gjort med røystene til Høgre, Frp, Sotralista, KrF, Folkets Parti FNB og Raudt (åtte).

Arbeidarpartiet (to medlemer i utvalet) ønskte å starta opp med prosjektet i 2023 og røysta for eit tilråding til kommunestyret om at utgreiing knytt til å sjå på moglegheiter for å etablera solcellepanel på rådhuset vert sett i gong i 2023 og at finansieringa vert å koma tilbake til i revidert budsjett.

Bakgrunnen for saka er verbalpunkt i budsjettvedtaket til kommunestyret i desember. Kommunedirektøren skriv i utgreiinga at isolert sett kan eit slikt enkelttiltak føra til høgare prosjektkostnader og mindre gode løysingar. Han vurderer det difor som mest formålstenleg å sjå denne type tiltak samla med andre tiltak som bør gjerast på rådhuset slik at ein får eit samla bilete av investeringsbehovet. Dette er særleg viktig med tanke på at framtidig bruk av eksisterande rådhus er uavklart.

Utsette sak om opprusting av kultursalen i rådhuset

Etter framlegg frå leiar Andreas Kallekleiv vedtok utvalet med ni mot eí røyst (Raudt) å senda saka om oppussing og opprusting av kultursalen tilbake til administrasjonen for vidare utgreiing. Utvalet ber om at brukargrupper som nyttar kultursalen får høve til å koma med innspel om kva ønske og behov dei har for lyd og lys for deira bruk.