Tilrår å ta imot 28 flyktningar

Utval for tenester og levekår tilrår at Øygarden kommune tek imot 28 flyktningar i 2020 der tre av plassane vert atterhaldne til einslege mindreårige som kjem til landet utan føresette.  Saka vart behandla i utvalet på onsdag.

Frå møtet onsdag. - Klikk for stort bileteFrå møtet på onsdag. Vigleik Brekke  

Framstegspartiet fekk si eiga røyst på eit forslag om ikkje å ta imot flyktningar. SV røysta for å ta imot 34 flyktningar der seks av plassane vert atterhaldne til einslege mindreårige. Også dette forslaget fekk ei røyst og fall. Dermed var det tilrådinga frå kommunedirektøren om å ta imot 28 flyktningar, derav tre einslege mindreårige, som er tilrådinga overfor kommunestyret som gjer endeleg vedtak.

Det er Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI) som har oppmoda kommunen om å busetja 28 flyktningar i 2020. Kommunen har vedteke å vidareføra flyktningarbeidet som har vore drive i dei tre kommunane. Ifølgje kommunedirektøren ligg busetjing av 28 flyktningar tett opp til det Øygarden kommune kan ta imot.

Inngår samarbeidsavtale med Basecamp RePro

Utvalet godkjende framlagde samarbeidsavtale mellom kommunen og Basecamp  RePro slik han låg føre. Det vart vedteke å gje eit tilskot på eín million 142 tusen kroner for 2020.

Vidarefører tilskotsordningar

Utvalet vedtak å vidareføra tilskotsordninga med retningslinjer slik dei låg føre. Vedtaket inneber at kommunen vidarefører tilskotsordningar frå dei tre tidlegare kommunane som har fungert godt. I saka er det lista opp 10 tilskotsordningar som vert vidareført. Det vart vedteke ei tilleggsramme på 850 tusen kroner fordelt på dei 10 tilskotsordningane. Totalramma er dermed fire millionar og 25 tusen kroner.

Utsette sak om krisesenter

Utval for tenester og levekår vedtok å utsetja saka om krisesenterløysing for Øygarden kommune. Saka vert sendt tilbake for utgreiing av krisesentertilbod i eigen regi. Saka skal også vurdera eige krisetilbod til kvinner i aktiv rus. Det vert lagt til grunn at saka vert behandla innan første halvår 2020.

Kommunal planstrategi

Det vert tilrådd at kommunestyret sluttar seg til prosess for utarbeiding av Øygarden sin planstrategi 2020 -2023, slik det går fram i vurdering til kommunedirektøren. Kommunestyret sluttar seg til framlegg om å starta arbeidet med å utarbeida planprogram for samfunnsdelen i kommuneplanen slik det går fram i vurdering til kommunedirektøren.

Andre saker i utval for tenester og levekår

  • Nye satsar for SFO
    Utvalet slutta seg til nye satsar for SFO slik kommunedirektøren tilrådde. Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.
     
  • Vaksine mot smittsam hjernehinnebetennelse
    Det vart vedteke å dekkja kostnadene til gratis vaksinering av alle elevane på Sotra vidaregåande skule, avdeling Bildøyna og Skogsvåg, til ein kostnad av 85 tusen kroner i 2020. 
     
  • Nye vedtekter for SFO og barnehagane i Øygarden kommune
    Vedtektene vart godkjende slik dei låg føre og trer i kraft frå 1. august 2020. Vedtekene for SFO skal evaluerast hausten 2021 og bemanninga på SFO skal vera 14 barn pr. tilsett. Utvalet ber om ei utgreiing av søskenmoderasjon SFO/barnehage i eiga sak.
  • Avtale mellom kommune og Norsk kulturskuleråd
    Utvalet slutta seg til rettleiingsavtalen mellom Norsk kulturskuleråd og Øygarden kommune slik han låg føre. Den overordna målsetjinga for ordninga er at kulturskuleeigar og tilsette i kulturskulen skal vidareutvikla kulturskulen som organisasjon og som del av det samla tenestetilbodet i kommunen.
     
  • Nye Perler i Nordsjøløypa (PIN)
    Det vert innstilt overfor kommunestyret å godkjenna prosjektplanen for PIN.
     
  • Gebyr og brukarbetalingar
    I samband med behandlinga av budsjettet for 2020 vart det i kommunestyret i desember vedteke å senda eit forslag frå Folkeaksjonen mot bompengar knytt til gebyrregulativ for fysioterapi til utval for tenester og levekår. På møtet på onsdag vart det vedteke at det skal fremjast ei eiga sak om organisering og finansiering av fysioterapitenesta i kommunen, inkludert utgreiing av brukarbetalinar.

Tekst: Vigleik Brekke