Tilrår å seia nei til start av regulering for Haugaseto

Utval for plan skal på møtet den 15. april ta stilling til om ein kan starta arbeidet med detaljregulering for Haugaseto, Kåravika. Utvalet skal også ta stilling til dispensasjonssøknad knytt til turveg på Liaskjeret.

Det aktuelle planområdet. - Klikk for stort bileteDet aktuelle planområdet. 

Når det gjeld plan for Haugaseto tilrår kommunedirektøren at det ikkje vert gjeve løyve til start av arbeid med detaljregulering. Det er ønske om å leggja til rette for bustadbygging i LNF-området (LNF: Landbruks-, natur- og friluftsområde) i Spildepollen, like nord for Spildepollen skule. Detaljregulering er tidlegare lagt fram for gamle Sund kommune der administrasjonen avslo start av planarbeid.

Det er lagt fram krav om gangbru mellom det aktuelle området og barneskulen. Tiltakshavar har no lagt til rette for gangbru. I vurderinga skriv kommunedirektøren at framlegg til kommuneplan for Sund ikkje er gjeldande, og at gjeldande kommuneplan ikkje opnar for bustadbygging for planområdet. Han tilrår difor ikkje å gje løyve til start av planarbeidet.

Turveg, Liaskjeret

Kommunedirektøren tilrår å gje avslag på søknad om dispensasjon for etablering av turveg på Liaskjeret. Turvegen er søkt etablert på areal som ligg som LNF-formål i arealdelen til kommuneplanen. Kommunedirektøren har vurdert tiltaket som eit større byggje- og anleggstiltak som utløyser krav om reguleringsplan. Han ser positivt på initiativet om å etablera ein turveg i aktuelle området, men meiner at omsyna bak plankrav og LNF-formålet vert vesentleg sett til side om dispensasjon vert gjeve og at fordelane med å gje dispensasjon ikkje er større enn ulempene.

Klagesaker

Utvalet skal behandla åtte klagesaker.

Møtet tek til klokka 14.00 og vert gjennomført som digitalmøte og overført på kommune-TV.