Kontrollutvalet «tilrår at kommunestyret ved ordføraren, melder tidlegare ordførar og rådmann i gamle Øygarden kommune, som øvst ansvarleg, til politiet for mogleg brot på reglane i samband med ulovlege anskaffingar og brot på rammeavtaler, vurdert av KOFA som grovt aktlaust. Det vert teke atterhald om at KOFA skulle koma til eit anna resultat i endeleg avgjersle».
I vedtaket frå møtet onsdag heiter det også at forvaltningsrevisjon på innkjøpsområdet i nye Øygarden kommune vert iverksett som planlagt i perioden, og vert vurdert framskunda først når forvaltningsrevisjon på Plan og bygg er ferdig behandla. KOFA: Klagenemnda for offentlege anskaffingar.
Forslaget vart fremja av Ann Kristin Kløvrud Eriksen (Ap). Ho sa at det ikkje er nødvendig å venta med tilrådinga til kommunestyret før KOFA har teke endeleg avgjerd. Kontrollutvalet slutta seg samrøystes til framlegget. Her kan du lesa bakgrunn for vedtaket som også vert lagt inn i protokollen. (PDF, 10 kB)
Leiar i kontrollutvalet, Mons Tore Nakken, seier at dette er ei svært alvorleg sak og at kommunen må ta inn over seg det som står i varselet frå KOFA. Innleiingsvis i møtet oppmoda han til ein sakleg debatt.
- Kontrollutvalet følgde oppmodinga, og vi hadde ein kort og sakleg debatt, seier Nakken.
KOFA har varsla at Øygarden kommune vert ilagt eit overtredingsgebyr på 8,7 millionar kroner.
Rammeavtalar tilbake til 2015
Bakgrunnen for varselet er klage frå Rettferdig Offentlig Saksbehandling (ROS) i februar 2020. Saka gjeld rammeavtalar tilbake til 2015 i tidlegare Øygarden kommune for handverktenester innanfor åtte område. Frå 2020 vart tidlegare Sund, Fjell og Øygarden slått saman til eín kommune.
KOFA konkluderer med at innanfor «Grunnarbeid og vegvedlikehald» og «Røyrleggjar» er det gjennomført ulovleg direkte anskaffing. Ifølgje KOFA er den faktiske verdien av rammeavtalen innanfor «Grunnarbeid og vegvedlikehald» meir enn 15 gonger så høg som det øvre nivået på den estimerte verdien.
Basert på opplysningar i saka så langt har KOFA lagt til grunn at gebyrgrunnlaget utgjer totalt 73,2 millionar kroner og varslar eit overtredingsgebyr på 8 725 000 kroner.
Kommunen har frist til 6. september til å uttala seg ytterlegare i saka. Konstituert kommunedirektør Rune Landro opplyste på møtet i dag at formannskapet vil, slik det har bedt om, få orientering om svaret kommunen skal gje til KOFA. Kommunestyret har sitt første møte i haust den 30. september.
Tekst og foto: Vigleik Brekke