Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset i Øygarden | Registrer deg for vaksine | Smitteverntiltak i Øygarden

Tilrår å godkjenna planprogram

Utval for samfunnsutvikling (US) rår kommunestyret å godkjenna planprogrammet for samfunnsdelen til kommuneplanen (2022-2034) med dei endringane som kjem fram i saka.

Frå møtet som vart arrangert som Teamsmøte og sendt på nett-TV. - Klikk for stort bileteFrå møtet som vart arrangert som Teamsmøte og sendt på nett-TV. 

Utvalet behandla framlegget til planprogram i dag og gav innstilling til endeleg behandling i kommunestyret på torsdag denne veka (18. februar).

I innstillinga heiter det at tidspunkt for regionalt drøftingsmøte, planforum, vert sett til september 2021. Vidare vert samfunnstryggleik og beredskap presisert som viktig arbeid i dei fire tema- og innsatsområda. Det vert oppretta ei underarbeidsgruppe på tvers av temaområda. I det vidare arbeidet med samfunnsdelen til kommuneplanen vil gruppa få særleg ansvar for å kartlegga og koordinera utfordringar og moglegheiter knytt samfunnstryggleik og beredskap.

Tema- og innsatsområdet «Klimavenleg samfunnsutvikling» vert endra til «Klima- og miljøvenleg samfunnsutvikling», går det fram av innstillinga til kommunestyret.

Det er kome inn 13 innspel medan planen låg ute til offentleg ettersyn. Ni av desse handlar direkte om forslag til planprogrammet og det komande arbeidet med samfunnsdelen til kommuneplanen.

Sidan 7. desember har fire arbeidsgrupper arbeidd med ei rekkje tema knytt til samfunnsdelen. Dei fire arbeidsgruppene er breitt samansett med to folkevalde i kvar gruppe, medlemer frå ungdommens kommunestyre, rådet for personar med funksjonsnedsetjing, eldrerådet, administrativt tilsette og andre. Totalt er 62 personar engasjert i dette arbeidet.

Basert på arbeidet i arbeidsgruppene er det lista opp ei rekkje kunnskapsbehov og korleis ein skal få tak i denne kunnskapen. Dette handlar mellom anna om bustadpreferansar/lokalmiljø, samferdsle, fråfall i vidaregåande skule, barnefattigdom, rus og psykisk helse, arbeidslivet, digitalisering, miljø og demografi og infrastruktur.

Etter at planprogrammet venteleg er vedteken av kommunestyret komande torsdag, er det lagt opp til ei rekkje digitale medverknadsaktivitetar i det vidare arbeidet med sjølve planen. Det vert også etablert ein digital innspelsportal.

Det endelege samfunnsdelen til kommuneplanen vert truleg vedteken tidleg i 2022.

Vil gje startsignal for arbeid med plan for vatn og avlaup

Utvalet tilrår overfor kommunestyret at ØyVAR AS kan starta førebuande arbeid med kommunedelplan for vatn og avlaup. Sak om formell oppstart av planarbeidet med framlegg til planprogram skal leggjast fram til våren.

Bakgrunnen for saka at ØyVAR har kome med ønske om å starta arbeid med kommunedelplan for vatn og avlaup er at det i dag er mangel på overordna styringsverktøy.

Tekst og foto: Vigleik Brekke