Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Her finn du alt om koronaviruset i Øygarden kommune

Tilrår å godkjenna plan for Nordra Lia, Vågo

Utval for plan tilrår at detaljreguleringsplan for Nordra Lia, Vågo, vert godkjend. Utvalet var samla til møte (videomøte) på torsdag.

Frå møtet i utval for plan den 19. november. - Klikk for stort bileteFrå møtet i utval for plan den 19. november. 

Planområdet for Nordre Lia er på om lag 17 dekar og ligg på Anglavika. Formålet med planarbeidet er å leggja til rette for bygging av totalt 30 bustadeiningar i form av konsentrerte bustader med tilhøyrande infrastruktur, felles uteopphaldsareal og leikeplass.

Statens vegvesen og Fylkesmannen har fremja motsegn til planen. Det er gjennomført endringar i planen, og utvalet tilrår at planframlegget vert vedteke med dei endringane som er innarbeidd i saka. Kommunestyret gjer endeleg vedtak.

Mogleg oppheving av gjennomføringssone for Nordre Litlesotra i arealdelen til kommuneplanen

Etter forslag frå Frp, Høgre, KrF og Sotralista samla utvalet seg om å senda saka tilbake til  administrasjonen. Utvalet ønskjer å trekkja saka inntil ein har fått gjennomført samtale med Fylkesmannen. Det vert vist til at dette må til for å få ei avklaring på korleis ein skal forhalda seg til gamle og pågåande planar utan at dei må leggjast inn i arbeidet med samfunnsdelen til kommuneplanen.

Andre saker i utval for plan den 19. november

  • Utvalet innstilte overfor kommunestyret å godkjenna møteplanen slik han ligg føre.
     
  • Utvalet behandla eí dispensasjonssak og fem klagesaker      

Før behandlinga av sakene var det orientering om status for arbeidet med kommunedelplan for Skogsskiftet.

Tekst og foto: Vigleik Brekke