Aktuell informasjon

Tilrår å godkjenna plan for hydrogenfabrikk

Utval for plan tilrår samrøystes å godkjenna detaljregulering for Energiparken Vest. Saka går til endeleg behandling i kommunestyret. Utvalet var samla til møte torsdag.

Skisse hydrogenfabrikk - Klikk for stort bileteSkisse hydrogenfabrikk 

I planområdet skal det regulerast og leggjast til rette for hydrogenproduksjon. Planframlegget er ei endring av detaljregulering for Naturgassparken. Ved endeleg vedtak av detaljregulering for Energiparken Vest, vil det området som planen gjeld for, overstyra tilsvarande område i underliggande detaljregulering for Naturgassparken.

Det er CCB Energy Holding som er tiltakshavar for planen, medan Naturgassparken Vest AS er grunneigar på tomta. Hydrogenproduksjonen skjer i to fasar. Først skal det byggjast eit pilotanlegg, og seinare eit fullskala produksjonsanlegg for hydrogen. Anlegget skal nytta etablert infrastruktur til å føra naturgass frå Kollsnes prosessanlegg, gjennom Gasnor sitt anlegg i Energiparken og omdanna naturgassen til hydrogen. Restproduktet CO2 skal på sikt lagrast i infrastrukturen til Northern Lights sitt karbonlagringsanlegg i Energiparken.

Det er i dag ingen produksjon av hydrogen med karbonlagring i Noreg. Det betyr at anlegget i

Energiparken mest truleg vert Noregs første anlegg for blå hydrogen.

Saksbehandlar Sven Selås Kallevik orienterte om saka i forkant av behandlinga. Dei som tok ordet gav ros til presentasjonen og sjølve prosjektet.

Står fast på stans i oppstart av planinitiativ for Søre Sundet

Utvalet slutta seg samrøystes til innstillinga frå kommunedirektøren om å seia nei til oppstart av planinitiativ for endring av detaljregulering for Søra Sundet.

Kommunen fekk bestilling av oppstartsmøte i samband med ønske om endring av

detaljreguleringsplan for Søra Sundet i november 2021. Kommunen v/administrasjonen stansa planinitiativet før oppstart. Dette var grunngjeve med at småbåtanlegget allereie var blitt vurdert ved handsaming av gjeldande plan i 2019, der motsegn til regulering av småbåtanlegg førte til at det vart teken ut av planen. Etablering av småbåtanlegg ville også vera i strid med gjeldande KPA, som regulerer området til friluftsområde.

Dei som tok ordet i saka oppmoda tiltakshavar til å gå i dialog med administrasjonen for å finna ei løysing.

Budsjett og økonomiplan

Råd og utval er no inviterte til å koma med innspel til budsjettet før kommunedirektøren legg fram innstillinga. Ungdommens kommunestyre, råd for menneske med funksjonsnedsetjing (RFF) og eldrerådet gav i sist veke uttale til budsjett 2023 og økonomiplan 2023-2026.

Utval for plan tok saka til orientering.

Klagesaker

Det låg sju klagesaker for behandling i utvalet. 

Tekst: Vigleik Brekke
Skisse: CCB Energy Holding