Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Her finn du alt om koronaviruset i Øygarden kommune

Tilrår å godkjenna plan for Branndalsåsen, Bildøyna

Utval for plan tilrår overfor kommunestyret at kommunen godkjenner områderegulering for Branndalsåsen, Bildøyna. I innstillinga er talet på bustadeiningar i første byggesteg redusert frå 190 til 112 bustadeiningar. Innstillinga var samrøystes.

Skisse av planområde - Klikk for stort bileteSkisse av planområdet. Norconsult   

I innstillinga vert kommunedirektøren beden om å arbeida vidare med oppfølging av trafikksikringstiltak på Bildøyvegen. Arbeidet må samordnast med Sotrasambandet og tiltak, trafikkregulering og tidsrammer knytt til utbygginga av nytt Sotrasamband.

Planen legg til rette for utbygging i samsvar med tidlegare planar i tidlegare Fjell kommune, no Øygarden. Planen regulerer åtte felt med bustadblokker på tre til fem etasjar og fire felt med sentrumsformål. Totalt opnar planen for om lag 500-700 bustader og 13 tusen kvadratmeter næringsareal, der maksimalt tre tusen kvadratmeter kan nyttast til handel. Med innstillinga frå møtet i dag er altså omfanget av bustadeiningar redusert for første byggjesteg.
I høyringsperioden i 2018 kom Statens vegvesen med motsegn til at det kan byggjast 200 bustadeiningar før nytt sotrasamband er etablert. Kommunedirektøren skriv i saksutgreiinga at planområdet er ein liten del av Sotra Kystby, men er heilt sentralt for å etablera gode samanhengar mellom Bildøyna og Straume

Med bakgrunn i innkomne merknader, samarbeid med Fylkesmannen, Statens vegvesen og Hordaland fylkeskommune og samarbeid med Altus Eigedom AS, er det gjort ei rekkje mindre endringar og justeringar i planframlegget.

Saka vart behandla i komité for plan og utvikling i tidlegare Fjell i desember 2019. Saka vart sendt tilbake til administrasjon med fem vedtakspunkt til oppfølging. 

Det har mellom anna vore dialog med Statens vegvesen knytt til motsegnspunktet. Det er ikkje kome til semje mellom kommunen og Statens vegvesen. Motsegna står dermed ved lag.

Kommunestyret kan ikkje eigengodkjenna områdereguleringa som følgje av motsegn. Ettersom utval for plan no tilrår å godkjenna planen, skal kommunen be Fylkesmannen om ei formell mekling før kommunestyret gjer endeleg vedtak i saka. Dersom meklinga ikkje fører fram og kommunestyret eventuelt godkjenner planen, går saka via Fylkesmannen til endeleg avgjerd i Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Endringane som vart lagde inn i innstillinga på møtet i dag skal førast inn i plandokumenta før planen går til mekling med Fylkesmannen.

Tilrår å godkjenna planprogram for plan for restriksjonssone i Knarrvika

Utvalet går inn for at planprogram for kommunedelplan med restriksjonssone for Knarrvika vert godkjend.

Formålet med planprosessen er å avgrensa ytterlegare tiltak i industriparken i Knarrvika. Dette vert gjort ved å leggja ei restriksjonssone over byggeformål som ligg tett opp til brufesta til nytt og eksisterande sotrasamband. Eit viktig utgangspunkt er at arealformålet for området, som er næring hamn, ikkje skal endrast. I utgreiing av saka skriv kommunedirektøren at nye tiltak kan bidra til auka risiko for samfunnskritiske funksjonar og infrastruktur.

Etter behandling i utval for plan går saka til sluttbehandling i kommunestyret.

Får detaljregulera område på Varden, Knarrvika

Etter forslag frå utvalsleiar Svein Otto Jacobsen (Frp) gjev utval for plan klarsignal for at ein kan starta arbeidet med å detaljregulera Varden, Knarrvika. Det er ønske om å byggja eit næringsbygg like sør for Sotrabrua. Vedtaket vart gjort med åtte mot tre røyster (Ap).

Utvalet grunngjev vedtaket med å visa til at sjølv om området ligg i LNF (landbruks-, natur og friluftsområde) ligg det også godt til når det gjeld kollektivtransport, noko som er svært viktig med omsyn til å etablera eit næringsområde i dette området. Utvalet seier at sjølv om området ikkje er i samsvar med kommuneplanen, vil det ta lang tid å få ny kommuneplan vedteken, noko som vil vera til hinder for tiltakshavar. Utval for plan meiner at ein ikkje kan stoppa opp alle planar i kommunen i påvente av at samfunnsplanen eller arealplanen er ferdig.

Kommunedirektøren hadde innstilt på at kommunen ikkje burde gje løyve til å starta arbeidet med detaljregulering. Administrasjonen har avslått planinitiativet i oppstartsmøte med grunngjeving om at tiltaket legg opp til næringsareal i eit område som er sett av til LNF.

Klagesaker

Utvalet behandla ni klagesaker. Tre av dei vart utsette for synfaring.

 

Tekst: Vigleik Brekke