Tilrår å flytta pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) til rådhuset

Formannskapet tilrår at PP-tenesta vert flytta til dei tidlegare NAV lokala i Øygarden rådhus, og at det vert utført nødvendige tilpassingar av lokala. PPT er i dag lokalisert i Skjenet 2.

Frå formannskapsmøtet torsdag. På talarstolen; Johnny Breivik som hadde ordet i samband med gjennomgang av økonomien. På biletet ser du også Espen Cornell Jacobsen (Ap) og Marianne Sandahl Bjorøy (Ap).  - Klikk for stort bileteFrå formannskapsmøtet torsdag. På talarstolen; Johnny Breivik som hadde ordet i samband med gjennomgang av økonomien. På biletet ser du også Espen Cornell Jacobsen (Ap) og Marianne Sandahl Bjorøy (Ap).  

Dersom kommunestyret sluttar seg til dette skal det gjennomførast ei ombygging av dei tidlegare NAV-lokala i underetasjen og andre etasje i Øygarden rådhus innanfor ei kostnadsramme på 7,5 millionar kroner. Dette vert finansiert ved å omdisponera tidlegare løyvingar på 7,5 millionar kroner frå prosjekt «Ombygging Skjenet 2» til prosjekt «Ombygging av NAV lokale i Øygarden Rådhus».

Det vert vidare tilrådd at tidlegare innvilga tilleggsfinansiering (jamfør tidlegare sak i formannskapet) for ombygging av Skjenet 2 på 3,6 millionar kroner vert ført tilbake til samlepost ombygging/rehabilitering bygg.

Arbeidsutval skal vurdera storleik på kommunestyret

Formannskapet tilrår samrøystes at det vert oppretta eit politisk arbeidsutval på tre personar som skal sjå på og vurdera talet på medlemer i kommunestyret for neste kommunestyreperiode og evaluera forskrift om rettane til folkevalde når det gjeld godtgjersle og velferdsgode. Utvalet skal også evaluera reglement for møte og eventuelle endringar i delegeringsreglementet. Endringsforslaga frå arbeidsutvalet vert lagt fram i sak til formannskap og kommunestyre.

Utvalet vert samansett av Nils Kåre Skoge (H), Anita Garlid Johannessen (FrP) og Marianne Sandahl Bjorøy (Ap) (leiar). Sekretær vert Beate Hetlevik frå administrasjonen.

Saka går til behandling i kommunestyret.

Endringar politisk delegeringsreglement

Formannskapet og kommunestyret har tidlegare behandla ei sak om endringar i det politiske delegeringsreglementet. Endringane har vore knytte til ansvarsområdet til utval for plan. Saka vart sist utsett i kommunestyret i februar.

Etter framlegg frå fleirtalspartia på formannskapsmøtet torsdag vart det samrøystes innstilt på at ein viser til vedtak i sak 57/2020 og 68/2021og ber om at administrasjonen følgjer opp dette når det gjeld framdrift på dei ulike plansakene. For sikra nok ressursar til å sikra gjennomføringa av prioriteringar i sak 68/2021 vert ytterlegere framdrift for arealdelen til kommuneplanen utsett til våren 2023. Forslag til endringar av delegasjonsreglement vert oversendt til utvalet som mellom anna skal vurdera storleiken på kommunestyret.

Veteranplan

Formannskapet tilrår planen slik han ligg føre. Kommunedirektøren får i oppdrag å evaluera og oppdatera planen i samråd med det lokale veteranmiljøet i kommunen etter at planen har verka i eitt år.

I saksutgreiinga skriv kommunedirektøren at for samfunnet og kommunen er det viktig både å sjå og nytta den kompetansen som veteranane representerer, samstundes som det må finnast eit støtteapparat som kan stilla opp for dei som treng det.

Saka vert endeleg behandla i kommunestyret.

Økonomirapport

Formannskapet tok økonomirapport pr. 1. kvartal 2022 til vitande. Fleirtalspartia (Høgre, Frp, Sotralista og KrF) med seks røyster innstilte på at kommunedirektøren må setja i verk tiltak for at årsresultatet vert nådd. Tiltaka skal presenterast i formannskapsmøtet 14. juni 2022. Alle ekstrainntekter skal spesifiserast, og disponering skal leggjast fram for formannskapet (ref. økonomi reglementet). Mindretalet (Ap, Sp og Folkets Parti FNB) røysta for innstillinga om at kommunedirektøren vert beden om å innarbeida tiltak for å halda budsjettet.

Økonomirapporten for første kvartal for Øygarden kommune viser eit positivt netto driftsresultat på 15,9 millionar kroner. Netto driftsresultat er 14,9 millionar kroner betre enn periodisert budsjett. Men går ein nærare inn på tala, viser det seg at årsprognosen indikerer eit meirforbruk på om lag 29 millionar kroner. Med meirinntekter på 21 millionar kroner innan finansområdet, er den totale årsprognosen eit meirforbruk på om lag åtte millionar kroner. Saka går til behandling i kommunestyret.

Tilrår ny alminneleg taksering av eigedomsskatt

Formannskapet tilrår overfor kommunestyret at det vert gjennomført ein ny alminneleg taksering i 2022 som gjeld frå og med skatteåret 2023. Takseringa skal omfatta alle skattepliktige eigedomar etter eigedomsskattelova § 3 c i heile kommunen.


Tekst og foto: Vigleik Brekke