Tilrår å byggja ut Liljevatnet, fase to

Kommunedirektøren går inn for at Liljevatnet vert bygd ut med to nye barnehageavdelingar og tilpassa lokale for kulturskulen.

Liljevatnet - Klikk for stort bileteLiljevatnet 

Det er i budsjettet sett av 12,9 millionar kroner til ombygginga. I saksutgreiinga skriv kommunedirektøren at det er stort behov for ei fasebehandling og mindre utvendige reperasjonar. I det opphavlege budsjettet er det ikkje sett av pengar til dette. Kostnadene med dei nødvendige tilleggsopsjonane er kostnadsrekna til 1,2 millionar kroner.

Kommunedirektøren tilrår at finansieringsramma vert auka med 1,2 millionar kroner som dermed vil totalt utgjera 14,1 millionar kroner. Utbygginga gjer det mogleg å avvikla drifta av Svingen barnehage i Brattholmen som ligg like ved krysset Arefjordvegen/fylkesveg 223 mot Brattholmen. Leigekontrakten for Svingen barnehage går ut ved årsskiftet 2021/2022.

Andre saker på formannskapsmøtet den 20. april

  • Økonomisk status pr februar månad 2021
  • Forslag til kriteria for tildeling av krisemidlar koronaviruset, 10,2 millionar kroner
  • Vurdering om forlenging av tiltakspunkt i «Tiltakspakke for lokalt næringsliv i Øygarden»
  • Orienteringssak: Oppfølging av kommunestyresak 057/20 – Prioritering av planoppgåver
  • Ordning og deponering av arkiv frå gamle Fjell kommune
  • Forslag til lokal forskrift om feiing og tilsyn av fyringsanlegg og om regulering av feiegebyr i Øygarden kommune
  • Justering av reglement for møte i høve oversendingsframlegg
  • Utkast til samarbeidsavtale, Høgskulen på Vestlandet.
  • Kommunale avgifter for forsamlingshus

Møtet tek til klokka 14.00 og  vert gjennomført på Teams. Du kan følgja møtet på kommune-TV.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Kjell Andersland