Tilrår 5. dose koronavaksine til dei over 75 år

Helsestyresmaktene tilrår no ny oppfriskingsdose med koronavaksine i løpet av mars/april til aldersgruppa 75 år og eldre. Dette gjeld også sjukeheimsbebuarar.

Ill. vaksinering av en person - Klikk for stort bileteIll.

Bakgrunn for dette er at det er venta fleire smittetoppar i løpet av året, og dei fleste i denne aldersgruppa tok 4. dose i fjor sommar eller tidleg haust. Vernet frå sist vaksine har difor byrja å avta. 

Dei som har gjennomgått koronasjukdom i tillegg til å vera vaksinerte, har betre vern mot koronasjukdom enn dei som berre har vern frå vaksinar. Behovet for ny dose no er difor lågare for denne gruppa.

Merk

  • Det må vera minimum tre månader sidan førre vaksinedose, helst seks månader.
  • Du bør ta vaksinen i løpet av mars/april.

Sannsynleg med endå ei oppfriskingsdose til hausten

Folkehelseinstituttet ser det som sannsynleg at aldersgruppa 65 år og eldre, pluss dei i aldersgruppa 18 til 64 år med underliggjande risikotilstandar, vil ha behov for ein ny oppfriskingsdose til hausten, før vintersesongen 2023-24. Dei tilrår difor personar over 75 år å ta 5. dose i løpet av mars/april, for å sikra langt nok tidsintervall før ein eventuell 6. dose til hausten. 

Yngre pasientar med alvorleg svekt immunforsvar kan òg få tilbod om ein oppfriskingsdose no i vår, etter vurdering frå spesialist.

Slik får du vaksine

Øygarden kommune sender ikkje innkalling til vaksinering. Det vil heller ikkje vera massevaksinering. Du må sjølv bestilla time, sjå her for meir informasjon. Koronavaksine er gratis.