Tillit er avgjerande for prosessen

På onsdag denne veka var fleire representantar frå fellesnemnda og rådmennene i dei tre kommunane i vest på fellessamling for samanslåingskommunar i Hordaland og Sogn og Fjordane.  Tidlegare rådmann i Sandefjord og no kommunerådgjevar i eige firma, Gudrun Grindaker, var tydeleg på at tillit er avgjerande for heile prosessen med å byggja ein ny kommune.

Gudrun Grindaker - Klikk for stort bileteGudrun Grindaker

 

Møtet vart arrangert i regi av KS (fellesorganisasjon for kommunane). I innlegget «Vi byggjer ny kommune – eitt år igjen til samanslåinga» viste Grindaker til erfaringa med å slå saman Stokke, Andebu og Sandefjord til ny kommune med verknad frå 1. januar 2017.

– Tillit vert skapt i møte mellom menneske. God informasjon, kommunikasjon, dokumentasjon, openheit og legitimitet nødvendig for å lukkast, sa Grindaker.

Innleiingsvis stilte ho spørsmål om kva prosjektrådmennene er opptekne av no. Det handlar om framdrift, mange er slitne og dei stiller spørsmål om kva grad det vert nok tid til utforming av politikk. Ho viste også til at mange prosjektrådmenn er opptekne av korleis økonomistyringa er i dei eksisterande (gamle) kommunane, og i kva grad dei klarer å halda budsjettet for 2019.

– Spørsmålet er også om administrasjonen er flink nok til å leggja til rette for dei politiske diskusjonane, sa Grindaker.

Ho understreka også kor viktig det er å halda motivasjonen oppe og at ein løftar fram saker både i dei eksisterande kommunane og i den nye kommunen.

– Mellom anna er det viktig å tydeleggjera korleis ein kan nytta kommunedelsentera, nærdemokratiet og stadutvikling. Her ligg det det motsetnader, også frå tilsette, men det er dei folkevalde som avgjer desse spørsmåla, sa den tidlegare rådmannen i Sandefjord. Ho rådde dei frammøtte til avklara slike spørsmål i god tid før den nye kommunen er ein realitet.

Etter foredraget fekk ho spørsmål om kva ho kunne gjort annleis.

– Vi burde vore tydelegare på kva vi ville rekka og kva vi ikkje ville rekka. Vi burde også brukt meir tid på å konkretisera ambisjonane våre, sa Gudrun Grindaker.

Lokaldemokrati

Avdelingsdirektør i KS (fellesorganisasjon for kommunane), Frode Lindvedt, hadde lokaldemokrati som tema. Han innleia med å sjå på korleis demokratiet fungerer globalt.  Når han pensa over til lokaldemokratiet, slo han fast at det står rimeleg bra til med lokaldemokratiet i landet vårt.

Frode Lindtvedt - Klikk for stort bileteFrode Lindtvedt – Tilliten til lokaldemokratiet er avhengig av at innbyggjarane kjenner seg godt representert og at dei folkevalde set dagsorden og styrer ressursbruken. Dessutan må kommunane levera det dei lovar, sa avdelingsdirektøren.

Lindtvedt viste til resultat av undersøking i regi av KS. Undersøkinga viser at folk opplever det lett å koma i kontakt med politikarar i Noreg, men vanskelegare å få saker på dagsorden.

Tillitsbarometeret 2018 (Respons Analyse) viser at tilliten til kommunestyret i eigen kommune kjem eit stykkje ned på lista bak aktørar som ideelle organisasjonar, Stortinget, arbeidstakarorganisasjonar, arbeidsgjevarorganisasjonar og regjeringa. Men dersom folk får spørsmål om kva kanalar dei vil bruka dersom dei vil har fram synspunkta, kjem folkvalde i kommunestyra på andreplass, berre slått av norske medium.

Tome Georg Indrevik, Børge Haugetun, Siri Fahlvik Pettersen, Rune Lid og Lillan Torsvik var nokre av deltakarane frå regionen vår som var på plass på samlinga i Bergen på onsdag. - Klikk for stort bileteTome Georg Indrevik, Børge Haugetun, Siri Fahlvik Pettersen, Rune Lid og Lillan Torsvik var nokre av deltakarane frå regionen vår som var på plass på samlinga i Bergen på onsdag.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 08.11.2018
Fann du det du leita etter?