Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Vaksinasjon | Hurtigtest | Smitteverntiltak | Smittetal/statistikk

Tilbod om tredje dose til alle som er 45 år og eldre

Regjeringen ber kommunane om å tilby oppfriskingsdose til dei som er 45 år og eldre, etter at alle som er 65 år og eldre har fått tilbod.

Statsminister Jonas Gahr Støre - Klikk for stort bileteStatsminister Jonas Gahr Støre Statsministerens kontor   

Også personer som er 18 år og eldre med alvorleg underliggjande sjukdomar, og alle som jobbar i helse- og omsorgstenesta vil no få tilbod om oppfriskingsdose.

Etter at regjeringa tidlegare i november avgjorde at alle over 18 år skal få ein oppfriskingsdose (dose tre), har Folkehelseinstituttet (FHI) vurdert korleis dette skal gjerast. Regjeringa følgjer rådet frå FHI.

- Det er viktig at kommunane held fram vaksineringa med full styrke. Det viktigaste er å gje tredje dose til dei på 65 år og eldre. Etter dette må kommunane halda fram med dei som er ned mot 45, år seier statsminister Jonas Gahr Støre i ei pressemelding.