The why and the way

I haust fekk dei tilsette på Gangstø ressurssenter beskjed om at ein søknad om eit europeisk samarbeid om inkluderande undervisning har blitt godkjend.  Den kommande veka skal Hege Stahl, Krister Omdal og Guttorm Helgøy vitja skular i Valencia Spania. 

Krister Omdal og Guttorm Helgøy skal på besøk til skular i Spania i neste veke.  - Klikk for stort bileteKrister Omdal og Guttorm Helgøy skal på besøk til skular i Spania i neste veke.  

Dette er eit Erasmus+ prosjekt som har oppstart hausten 2019 og går fram til hausten 2021. Gangstø Ressurssenter skal her læra av andre og visa fram sitt eige arbeid til skular frå  Spania, Italia, Ungarn og Sverige. 

Rektor Guttorm Helgøy på Gangstø Ressurssenter seier han er særs nøgd med at søknaden har ført fram og kjenner seg trygg på at eit internasjonalt perspektiv som dette med koplingar til arbeidslivet er rette vegen å gå. Det har vore jobba i overkant av eit år med å legge eit godt grunnlag for at ein slik søknad skulle føre fram. 

- Vi er gode på mykje, men vi må vera innovative og vidareutvikla ein kultur der vi både er trygt forankra i forsking, eigen tradisjon og ein vilje til å ta til oss nye impulsar og utvikla organisasjonen. Det at vi får tilskot av Erasmus-midlar her gjer det mogleg for oss å ta det steget inn i eit nytt læringsfellesskap samstundes som vi er på veg inn i ei kommunesamanslåing. Dette gir synergiar vi treng, no, og i framtida. Vi har mykje å sjå fram til», seier Guttorm Helgøy. 

Prosjektet er kalla «An Accessible Learning Environment, the Why and the Way». Dette peikar på at kjernekomponenten er å skape eit inkluderande læringsmiljø for alle.

Hos Gangstø ressurssenter vil alle dei tilsette og elevane vere ein del av prosjektet, medan Krister Omdal og Guttorm Helgøy vil verae dei som sit med ansvaret.