Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Vaksinasjon | Hurtigtest | Smitteverntiltak | Smittetal/statistikk

Testa ordninga med el-sykkel

Ordføraren valde denne veka å nytta seg av tilbodet om å låna kommunal el-sykkel for å koma seg til og frå jobb.
- Det var ei god erfaring, men også ein ganske fuktig affære på heimvegen, seier Tom Georg Indrevik.

Ordførfar Tom Georg Indrevik er klar til å sykla heim til Kolltveit. - Klikk for stort bileteOrdførfar Tom Georg Indrevik er klar til å sykla heim til Kolltveit. 

Fram til 26. november står det to syklar på rådhuset som tilsette kan låna gratis i ei veke. 

Ordføraren fekk med seg nyttige erfaringar om korleis det er å sykla på Litlesotra og delar av Sotra. Etter ein lang periode med godt ver den første delen av hausten, valde ordføraren ei "våt" veke.

- For sentrale delar av kommunen er el-sykkel eit godt alternativ til annan transport. Også ved andre del-senter i kommunen kan sykkel vera aktuelt. Denne veka har det periodevis vore ekte vestlandsver, og då er ein avhengig av både godt utstyr og gode klede, seier han.

Indrevik vonar at det til våren kan gjennomførast eit prosjekt som stimulerer til auka bruk av sykkel.

- Vi må også vurdera om det kan etablerast ordning der el-syklar kan lånast ut til andre enn kommunalt tilsette, seier ordføraren.

Tekst og foto: Vigleik Brekke