- Tenk i store linjer

Ordførar Tom Georg Indrevik peika på fleire døme i den store verda då han innleia om Parallelloppdrag Straume på torsdag. Det handlar om korleis ein i framtida skal nytta arealet i og ved Stovevatnet på Straume.

Ordførar Tom Georg Indrevik viste til kva som er gjort andre stader når det gjeld urban utvikling - Klikk for stort bileteOrdførar Tom Georg Indrevik viste til kva som er gjort andre stader når det gjeld urban utvikling.


Ordføraren meiner vi må ha lov til å koma med litt ville tankar når vi skal snakka om den framtidige bruken av dette attraktive arealet. Han viste til døme frå Chicago, Wien og New York for å visa korleis ein kan nytta urbane område på ein innovativ og spennande måte.

- Vi bør tenkja gjennom kva vi vil skal stå som eit fotmerke etter oss om 100 år. Vi må utvikla dette saman, sa han til dei 40 frammøtte på frukostmøtet i regi av Vest Næringsråd torsdag.

Det var den nye leiaren i Vest Næringsråd, Kari-Anne Landro som ønskte deltakarane velkomen.

Rune Landro - Klikk for stort bileteRune Landro


Assisterande kommunalsjef i Kultur og samfunn, Rune Landro, er prosjektleiar for parallelloppdrag Straume. Han viste til at Stovevatnet skal fyllast att. Arealet mellom rådhuset og Straume sentrum skal mellom anna gje plass til ny vidaregåande skule og ny kollektivterminal.

- Det er eit litt stort område å bevega seg på. Det bur for lite folk i området som kan gjera seg nytte av tilboda. Vi treng innspel på plassering av bustadar og korleis vi kan nytta bygget til den vidaregåande skulen utover vanleg skuletid. Kva med nytt rådhus og nytt kulturhus i dette området, stilte han spørsmål om.

Formålet med ny vidaregåande skule er å tilpassa utdanningsbehovet til behovet til næringslivet og sikra kompetanse og sikra realistiske opplæringssituasjonar. Samarbeid om fysiske bygg er også viktig.

Den 18. januar skal det arrangerast midtseminar i Parallelloppdrag Straume. To arkitektaktørar vil denne dagen presentera idear og tankar så langt om bruken av dette attraktive arealet sentralt på Straume.

Om kvelden klokka 18.00 er det ope folkemøte. Då vert det høve til å spissa oppdraget og å koma med innspel til tankane så langt. Ein vurderingskomité skal gje tilbakemelding til arkitektaktørane, og den 1. mars skal arkitektane avlevera sluttproduktet. Om kvelden den 1. mars er det nytt folkemøte. Det vert også i ein periode ei offentleg utstilling av idear og tankar om framtidig bruk av arealet.

Her kan du lesa meir om Parallelloppdrag Straume.

Bustadsosial temaplan

Samfunnsplanleggjar Kristian Espeseth presenterte arbeidet med bustadsosial temaplan. Planarbeidet skal utdjupa og konkretisera korleis Øygarden kommune skal arbeida med bustadsosiale utfordringar.

- Dette er ei oppfølging av samfunnsdelen til kommuneplanen. Spørsmålet er kva verkemiddel vi skal bruka i samarbeid med ulike aktørar. Det handlar om samhandling og langsiktige bustadbehov. Vi blir fleire, fleire bur åleine og det vert fleire eldre i framtida. Dette krev struktur for at det skal vera godt å bu heime, sa Espeseth.

Kristina Espeseth - Klikk for stort bileteKristina Espeseth


Sidan starten av arbeidet med temaplanen har det kome inn fleire innspel. Det er ønske om bustader for førstegongskjøparar, bustader for studentar, kollektiv eller klyngetun tilpassa eldre og bustader for personar med funksjonsnedsetjing. Det har også kome innspel om behov for mangfald i bumiljø og variasjon i bustadtypar innanfor same bumiljø.

Deltakarar på frukostmøtet peika mellom anna på at det kjem stadig krav som gjer bustadprosjekta dyrare og at summen av krava og gode ønske kanskje ikkje er til å leva med økonomisk. Andre peika på kor viktig det er å leggja til rette for smarte og effektive utformingar av husvære.

Kristina Espeseth lova å følgja opp innspela som kom på møtet. Ho understreka at kommunen ønskjer å ha ein god dialog med utbyggjarar når det gjeld bustadsosial utvikling.

Les meir om bustadsosial temaplan her.


Tekst og foto: Vigleik Brekke