Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Her finn du alt om koronaviruset i Øygarden kommune

Tek opp sak om innkjøp og anbod i kontrollutvalet

Kontrollutvalet skal drøfta spørsmålet om innkjøp og anbod i gamle Øygarden kommune på møtet den 27. januar. Det stadfesta leiar i kontrollutvalet, Mons Tore Nakken, då det vart informert om denne saka i formannskapet på måndag.

Møtet vart gjennomført som videomøte. - Klikk for stort bileteMøtet vart gjennomført som videomøte. 

Det var fleire orienteringssaker i formannskapet.

Bakgrunnen for at ordførar Tom Georg Indrevik tok opp spørsmålet om innkjøp og anbod, var oppslag i Vestnytt. I avissaka kom det fram at det var brukt langt meir i konsulenthonorar til ulike prosjekt enn avtalt. Ordføraren ønskte ikkje å kommentera saka konkret, men ønskte å bidra til at ein får rutinar som gjer at ein unngår å koma opp i liknande situasjonar seinare. Ordføraren har hatt møte med leiar og nestleiar i kontrollutvalet, kommunedirektøren og kommunalsjef for Økonomi der innkjøp og anbod var tema.

Kommunalsjef for Økonomi, Anne Erdal, informerte formannskapet om korleis den nye kommunen skal gjennomføra anskaffingsprosessar. Det er etablert ei eiga stabseining «Innkjøp og investering» med ein stab på åtte personar.

I drøftinga i formannskapet tok fleire til orde for at ein ikkje burde bruka tid og ressursar på å gå inn i denne saka ettersom dette gjaldt ein tidlegare kommune der rekneskapen er gjort opp og revidert. Andre var opptekne av i kva grad denne saka påførte kostnader også for den nye kommunen.

I første omgang skal kontrollutvalet sjå nærare på saka.

- Vi vil mista integriteten om vi ikkje ser på dette, sa leiar av utvalet, Mons Tore Nakken.'

Erstatningssak

Kommuneadvokat Dag-Heine Bjørndal orienterte om ei erstatningssak der kommunen i tingretten vart dømd til å betala erstatning til ein saksøkjar for at kommunen ikkje hadde gripe inn etter omsorgssvikt. Kommunen klaga domen og vart frikjend i lagmannsretten. Saksøkjar ber om at Høgsterett behandlar saka.

Ifølgje kommuneadvokaten var det nødvendig å klaga domen i tingretten ettersom han var feil og ville føra til presedens. I orienteringa understreka han at denne saka har ei menneskeleg side som gjer saka ekstra vanskeleg. Han opna for at kommunen ikkje bør krevja å få dekt saksomkostningar dersom kommunen vinn fram.

I drøftinga i formannskapet var det fleire som støtta kommuneadvokaten om ikkje å  krevja saksomkostningar dersom Høgsterett avviser saka. Ordføraren tok til orde for å drøfta endring av paragraf 7.5 i delegeringsreglementet som omhandlar mynde til å vedta at kommunen skal gå til søksmål eller nytte rettsmiddel etter tvistelovgivinga. Målet er at formannskapet heretter i større grad enn før skal verta orientert om saker som dette. Formannskapet fekk også orientering om erstatningssaka i oktober 2020.

Sak om avgjerd i retten, Knappen Sjø AS

Kommuneadvokaten orienterte også om ei sak som gjeld spørsmål om rettsleg interesse etter tvistelova og plan- og bygningslova. Knappen Sjø AS og kommunen hadde ulike oppfatning av innhaldet i løyvet til eit tiltak i Austefjorden sør i kommunen. Knappen Sjø meinte at løyvet omfatta både veg og utsprenging og planering av næringsareal, medan kommunen meinte det berre gjaldt veganlegget.

Dette er årsaka til at det kom til rettsleg tvist mellom partane. Knappen Sjø gjekk til sak mot kommunen. Etter dom i lagmannsretten er Øygarden kommune dømd til å betala om lag 835 tusen kroner i saksomkostningar. I drøftinga tok fleire til orde for at ein bør prøva å koma til ei løysing utanom rettsapparatet.

Status i arbeidet med vaksinering

Kommuneoverlege Stein-Ing Stigen orienterte om status når det gjeld vaksinasjon. Pr. dato er det gjeve 151 enkeltvaksinar, først og fremst til bebuarar på sjukeheimar. Neste prioriterte gruppe er heimebuande som får heimesjukepleie. Det er behov for stort areal for å gå gjennomført vaksineringa når større grupper i befolkninga skal vaksinerast. Det vert gjennomført møte med idrettsrådet for å få avklart konsekvensar for idretten ved bruk av idrettshallar.

Ekstrastøtte til næringslivet

I budsjettforliket på Stortinget vart det lagt inn ekstra statleg støtte til næringslivet i kommunar med høg arbeidsløyse som ein følgje av koronaviruset. Øygarden er mellom desse kommunane og har fått tildelt 4,34 millionar kroner av totalpotten på 250 millionar kroner. Formannskapet får ei sak til behandling i neste veke med forslag til kriterium for å få støtte og kva bransjar som skal prioriterast. Øygarden næringsutvikling KF vil få ei rolle i tildelinga av midlane.

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke