Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset i Øygarden | Registrer deg for vaksine | Smitteverntiltak i Øygarden

Tek imot 28 flyktningar

Etter ein lengre debatt vedtok kommunestyret på torsdag samrøystes at Øygarden kommune skal busetja 28 flyktningar i 2021, der to av plassane vert atterhaldne til einslege mindreårige som kjem til landet utan foreldre.

Frå møtet som vart gjennomført på Teams og vist på nett-TV. - Klikk for stort bileteFrå møtet som vart gjennomført på Teams og vist på nett-TV. 

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet har oppmoda Øygarden kommune om å busetja 28 flyktningar i 2021. I saksutgreiinga skriv kommunedirektøren at det er bygd opp kapasitet og kompetanse i organisasjonen til å kunna gje eit tilpassa tilbod og oppfølging til dei som vert busette. Dei siste åra har dei tre kommunane, som i dag utgjer Øygarden kommune, busett om lag 400 flyktningar.

Vedtok oppstart av anleggsprosjekt ved Arseta og Blomvåg vest

Kommunestyret vedtok å starta opp byggjesteg to for ny infrastruktur ved Arseta på Rongøyna innanfor ei kostnadsramme på 20 millionar kroner. Det vart vedteke å inngå kontrakt med Sartor Maskin AS for å få utført oppdraget. Vedtaket vart gjort imot seks røyster.

Prosjektet ved Arseta inneber fjerning av tre mindre avkøyringar, ta vekk bilkøyring frå gang- og sykkelvegen i Austmarka, redusera trafikken i krysset ved Gjetlingavegen med om lag 70 prosent, betra forholda for mjuke trafikantar mellom Storevarden og Rong sentrum og leggja til rette for bustadutvikling. Sartor Maskin AS har gjeve eit tilbod på 13,7 millionar kroner eksklusive meirverdiavgift.

I ei anna sak vart det vedteke å starta opp bygging av ny infrastruktur ved Blomvåg vest innanfor ei kostnadsramme på 23,8 millionar kroner. Prosjektet vert dekt av midlar sett av i økonomiplanen 2021-2022 og overføring av unytta midlar frå 2020 til dette formålet. Vedtaket inneber også å løysa inn opsjon for bygging av VA-anlegg på strekning. Kommunedirektøren får fullmakt til å inngå kontrakt innanfor kostnadsramma. Vedtaket vart gjort mot sju røyster. Sartor Maskin har gjeve det lågaste tilbodet på prosjektet.

Skal arbeida vidare med idéen om nytt rådhus/kulturhus

Etter forslag frå Høgre, Sotralista, KrF, Venstre og Frp vedtok kommunestyret å be kommunedirektøren å arbeide vidare med idéen om å bygge nytt rådhus/ kulturhus med ei sentrumsnær lokalisering. Kommunestyret ber om at det vert utgreidd ulike alternativ for lokalisering og at dette vert framlagt for kommunestyret som tar stilling til saka.  Forslaget vart vedteke med 30 røyster.

Kommunestyret slutta seg samrøystes til dei tre andre punkta innstilt frå kommunedirektøren. Der heiter det at kommunedirektøren vart beden om å arbeida vidare med idéen om å knyta kommunale funksjonar til etablering av ny vidaregåande skule ved Stovevatnet

Kommunestyret ber kommunedirektøren gjennomføra ein moglegheitsstudie saman med Vestland fylkeskommune for å få avklart moglegheiter og begrensingar i samband med bygging av ny vidaregåande skule. Det må vurderast kva kommunale funksjonar som er mogleg å legge inn i eller ved den nye skulen.

Kommunestyret ber kommunedirektøren koma tilbake med finansieringsløysing for moglegheitsstudien, på bakgrunn av ein intensjon om deling av kostnader mellom kommune og fylkeskommune, og med tilskot frå Miljøløftet.

Arbeidarpartiet føreslo å utsetja saka. Forslaget fekk 12 røyster og fall.

Vedtok planprogrammet for samfunnsdelen til kommuneplanen

Kommunestyret vedtok samrøystes planprogrammet for samfunnsdelen til kommuneplanen  2022-2034 med dei endringane som kjem fram i saka.

I vedtaket heter det at tidspunkt for regionalt drøftingsmøte, planforum, vert sett til september 2021. Vidare vert samfunnstryggleik og beredskap presisert som viktig arbeid i dei fire tema- og innsatsområda. Det vert oppretta ei underarbeidsgruppe på tvers av temaområda. I det vidare arbeidet med samfunnsdelen til kommuneplanen vil gruppa få særleg ansvar for å kartlegga og koordinera utfordringar og moglegheiter knytt samfunnstryggleik og beredskap.

Tema- og innsatsområdet «Klimavenleg samfunnsutvikling» vert endra til «Klima- og miljøvenleg samfunnsutvikling», går det fram av innstillinga til kommunestyret.

Etter forslag frå Høgre, Frp, Sotralista, KrF og Venstre vart det vedteke eit tilleggspunkt der det heiter at kommunen i 2021 kan nytta seg av tilskotsordningane knytt til reforma «Leve heile livet». Det vidare arbeidet må difor omtala satsingsområda i reforma og synleggjera korleis reforma kan integrerast i samfunnsdelen til kommuneplanen.

Det er denne våren lagt opp til ei rekkje digitale medverknadsaktivitetar i det vidare arbeidet med sjølve planen. Det vert også etablert ein digital innspelsportal.

Det endelege samfunnsdelen til kommuneplanen vert truleg vedteken tidleg i 2022.

Arkivfoto. Ungdommens kommunestyre (UKS) er involvert i arbeidet med samfunnsdelen til kommuneplanen. Biletet er frå møtet 19. mai der temaet var berekraftsmåla til FN. På biletet er også samfunnsplanleggjar Kristina Espeseth. - Klikk for stort bileteArkivfoto. Ungdommens kommunestyre (UKS) er involvert i arbeidet med samfunnsdelen til kommuneplanen. Biletet er frå møtet 19. mai der temaet var berekraftsmåla til FN. På biletet er også samfunnsplanleggjar Kristina Espeseth. 

Arbeidsgruppe skal arbeida med felles infrastrukturtiltak i Straume sentrum, indre kjerne

Kommunestyret vedtok å setja ned ei politisk arbeidsgruppe, som får til oppgåve å gjennomgå saka for å sikra ein rettferdig modell som sikrar utbygging av felles infrastruktur i Straume-området. Gruppa vert samansett av Nils Kåre Skoge (H), Atle Dåvøy (KrF) og Marianne S Bjorøy (Ap).

Etter forslag frå Nils Kåre Skoge (H) vart det vedteke at gruppa legg fram forslag til modell til formannskapet/kommunestyret til juni-møtet.

Gav klarsignal for å starta arbeid med plan for vatn og avlaup

Kommunestyret vedtok samrøystes at ØyVAR AS kan starta førebuande arbeid med kommunedelplan for vatn og avlaup. Sak om formell oppstart av planarbeidet med framlegg til planprogram skal leggjast fram til våren. Bakgrunnen for saka at ØyVAR har kome med ønske om å starta arbeid med kommunedelplan for vatn og avlaup er at det i dag er mangel på overordna styringsverktøy.

Søkjer om midlar til fornying og innovasjon

Kommunestyret vedtok å søkja om skjønsmidlar frå staten til fornying og innovasjonsprosjekt slik det går fram av saksutgreiinga.  Det vert føreslått å søkja om midlar til sju prosjekt.

Statsforvaltaren (tidlegare Fylkesmannen) har sett av 30 millionar kroner til fornying og prosjektskjøn. Tidlegare har Fylkesmannen behandla søknaden etter tilråding frå regionråda. Øygarden er ikkje lenger med i regionråd, og behandlar difor saka fram for behandling i formannskapet og til sist i kommunestyret. To av prosjekta det vert søkt om støtte til er eit samarbeid mellom fleire kommunar.

I saka frå kommunedirektøren presenterer han sju søknader i prioritert rekkjefølgje med ei total søknadsramme på 12,5 millionar kroner. Først på prioriteringslista er plassert prosjektet «Vendepunkt» som handlar om utvikling av system for å sikra reparering og bearbeiding i etterkant av mobbesaker og alvorlege valdssaker i barnehage, skule og fritid for barn og unge.

Som prioritet to er sett opp «Aldri åleine»» som er eit samarbeidsprosjekt mellom tenester for psykisk helsehjelp i Bergen, Bjørnafjorden og Øygarden knytt til førebygging av sjølvmord.

Vedtok minsteareal for hjortevilt

Kommunestyret slutta seg til framlegg til forskrift om opning av jakt og fastsetting av minsteareal for hjortevilt i Øygarden kommune, men med fleire endringar.

I framlegget til forskrift var det frå kommunedirektøren føreslått at minstearealet for hjortevilt bør setjast til tusen dekar.

Kommunestyret vedtok tilrådinga frå utval for samfunnsutvikling at minstearealet for hjortevilt vert sett til 800 dekar med unnatak av Fjell midtre, Fjell søre jaktfelt, Søre Sæle, Breivik/Oen hjortevald og Skjold/Hatten, der minsteareal vert fastsett til 400 dekar. I innstillinga heiter det også at desse endringane vert innarbeidde i forskrifta før kunngjering. Kommunestyret vedtok også at saka og vedtaket vert evaluert og kjem opp igjen som sak tidleg i 2023.

Einar Jacobsen i Folkeaksjonen Nei til meir bompengar føreslo at minstearealet for hjortevilt skulle vera 300 dekar. Forslaget fekk åtte røyster og fall. 

Formannskapet skal ta avgjerd i saker om søksmål

Kommunestyret vedtok å endra å endra politisk delegasjonsreglement kap. 7.5, jamfør alternativ 2 i saksutgreiinga med følgjande ordlyd: Formannskapet tek avgjerd i alle saker der kommunedirektøren tilrår å gå til søksmål eller nytta rettsmiddel.

Etter framlegg frå ordførar Tom Georg Indrevik vart det samrøystes vedteke nokre tilleggspunkt om nokre område formannskapet likevel ikkje skal ta avgjerd.

Øygarden kommune skal vera JA-kommune

Det vart vedteke samrøystes at kommunen både kortsiktig og langsiktig skal arbeida med prosjektet Øygarden ein ja-kommune».

I vedtaket heiter det også at prinsippa og føringane i saka dannar grunnlag for Øygarden kommune som ja-kommune, vert gjort gjeldande frå 2021. «Øygarden - ein ja- kommune» skal vidare vera ein del av utarbeidinga av ny samfunnsdel til kommuneplan for Øygarden 2022-2034.

Vedtok å oppheva forskrift

Kommunestyret vedtok å oppheva lokal forskrift om spreiing av organisk opphav som gjeld for areal i gamle Sund kommune.

Delegasjon av mynde til ØyVAR

Kommunestyret delegerer all mynde til å fatta enkeltvedtak i samband med utføring av lovpålagte oppgåver som følgjer av forureiningslova og slam– og renovasjonsforskrifta til ØyVAR AS.

Søknad om samtykke til å samla inn avfall etter forureiningslova §30 er unntatt frå delegasjonsvedtaket, og skal framleis behandlast av kommunen.

Kommunestyret gjev ØyVAR AS, på vegner av kommunen, rett til å krevja inn gebyr etter gebyrregulativa for renovasjon, slam, VA (vatn og avlaup) og tilsyn i tillegg til gebyr for kontroll av avløpsleidningar og avløpsanlegg. Delegasjonen gjeld og oppfølging og forvaltning av krav på vegne av kommunen inntil desse er betalt.

Garanti for opptak av lån, ØyVAR

Kommunestyret vedtok at Øygarden kommune garanterer med sjølvskuldnargaranti for lån på 244,4 millionar kroner som ØyVAR AS skal nytta til kjøp av anleggsmidlar frå Øygarden kommune.

Evaluering av budsjettprosessen

Kommunestyret slutta seg til justert budsjettprosess etter forslag frå Tom Georg Indrevik.

Vedtok opningsbalanse

Kommunestyret vedtok opningsbalansen for Øygarden kommune pr. 01.01.2020 slik han låg føre.

Lokal forskrift for renovasjon

Kommunestyret vedtok lokal forskrift for renovasjon i Øygarden kommune med heimel i forureiningslova § 30 jf. forvaltningslova § 37.

Opphevar lokal forskrift om spreiing av organisk opphav

Kommunestyret vedtok å oppheva lokal forskrift om spreiing av organisk opphav, som gjeld for areal i gamle Sund kommune, med heimel i forskrift om gjødselvarer mv. av organisk opphav § 23 jf. forvaltningslova § 37.

Folkeaksjonen Nei til meir bompengar (FNB) føreslo at spreiing av organisk avfall på mark ikkje må medføra auka administrasjon og kostnader for brukar og utøvar . Forslaget fekk 12 røyster og fall.

Opphevar lokal forskrift

Kommunestyret vedtok å oppheva lokal forskrift om spreiing av organisk opphav, som gjeld for areal i gamle Sund kommune, med heimel i forskrift om gjødselvarer m.v. av organisk opphav § 23 jf. forvaltningslova § 37.

Klage på kommunestyret sitt vedtak av 12. desember 2019 om godkjenning av detaljreguleringsplan for ny fylkesveg 555 Kolltveit - Sund grense.

Kommunestyret slutta seg til innstillinga om at ein ikkje sjå at klagen inneheld nye opplysningar som tilseier omgjering av KS 55/19. Saka vert sendt til Statsforvaltaren i Vestland til endeleg avgjerd.

Klage på vedtak i kommunestyret om godkjenning av detaljreguleringsplan for ny fylkesveg 561 Kolltveit - Ågotnes

Kommunestyret står fast på vedtaket frå 12. desember 2019 og kan ikkje sjå at klagen på kommunestyrevedtaket inneheld nye opplysningar som tilseier omgjering. Saka vert sendt til Statsforvaltaren i Vestland for endeleg avgjerd. Vedtaket vart gjort mot to røyster.

SV, Raudt og MDG fremja eit forslag om at ein skal sjå på alternative løysingar til dagens trasé. Forslaget fekk fem røyster og fall. Senterpartiet føreslo at kommunen skulle sjå på moglegheitene for å endra traséen. Dette forslaget fekk åtte røyster og fall.

Ny representant i arbeidsutvalet, «Samarbeidsavtalar med idretten»

Kommuneadvokaten vert beden om å gjera ei ny habilitetsvurdering sett i lys av nye opplysningar komne fram i drøftinga i kommunestyret. Om vurderinga står ved lag får gruppeleiar for Ap. fullmakt til å koma med ny representant, som vert stadfesta i neste kommunestyremøte.

Behandla tre årsmeldingar

Kommunestyret tok tre årsmeldingar for 2020 til orientering. Det var for eldrerådet, råd for personar med funksjonsnedsetjing og ungdommens kommunestyre.

Orienteringar og spørsmål

I forkant av behandlinga av sakene var det orientering om planar for Bergen Havn etter kjøp av tomteareal på Ågotnes og medverknadsaktivitetar knytt til samfunnsdelen til kommuneplanen.

Kommunestyret runda av med gjennomgang av 10 spørsmål frå kommunestyrerepresentantane.