Når det gjeld dam Storavatnet, har Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) i 2017 sett i verk mellombelse tiltak for å sikra dammen, og bedt om at dei ansvarlege for dammen utarbeidde ein plan for framtida for damanlegget, og fordeling av kostnader. Olje- og energidepartementet vedtok i mars 2020 at vedlikehaldsansvaret, og eventuelle kostnader til nedlegging, skal delast mellom Sigba Eiendom AS, Omya Hustadmarmor AS/Newco Holding AS og Øygarden kommune.
Vedtaket på møtet i UFS inneber at kommunen saman med dei to andre aktørane set i verk arbeid med nedlegging av damanlegget i samsvar med konsesjonskrava, når søknaden er ferdig behandla. Kostnaden med mellombels sikring og nedlegging av anlegget vert fordelt mellom dei tre partane.
Folkets parti (FP) fekk ikkje fleirtal for å utsetja saka. Partiet fekk støtte frå Raudt, men ikkje fleirtal, for eit forslag om at kommunen skal overta eigarskap av demninga og vurdera vidare drift med tanke på kraftproduksjon lokalt.
Vil prioritera fem prosjekt i samband med rullering av Miljøløftet sitt handlingsprogram for 2024-2027
Etter framlegg frå Høgre, Frp og KrF vedtok utval for samfunnsutvikling å be kommunedirektøren, i samarbeid med dei andre partane i miljøløftet, arbeida vidare med fem prosjekt i prioritert rekkefølge knytt til rulleringa av handlingsprogrammet til Miljøløftet.
Det er:
- 1. Fv og Kv Skogsskiftet sentrum
- 2. Fv 561/5244 Ågotnes kollektivterminal-Polleidet
- 3. Fv 5240 Fv Arefjordvegen –strekning 2 –bru til Liljevatnet barnehage
- 4. Fv 5242 Vestsidevegen
- 5. Fv 560 Stranda -Sundvegen, Vorland -Forland
- Beløningsmidlane vert nytta slik som tilrådd i saka.
Dette forslaget vart sett opp mot eit framlegg frå Arbeidarpartiet. Begge forslaga fekk fem røyster. Forslaget frå Høgre, Frp og KrF vart vedteke med dobbelrøysta til leiar av utvalet, Andreas Kallekleiv (H).
Arbeidarpartiet sitt mindretalsforslag gjekk ut på at utval for samfunnsutvikling er innforstått med målet i byvekstavtalens om nullvekstmål og at prosjekt som gir høg måloppnåing skal prioriterast og at nullvekstmålet vert oppnådd ved å setja inn tiltak der det er flest mogleg som vil ha utbytte av å kunne nytta kollektiv, sykkel eller gange. Det vert også vist til vedtak i sak 21/22, 31.05.22 der Bildøyvegen og Arefjordsvegen vart vurdert som prioriterte prosjekt for å oppnå høg måloppnåing når det gjeld til sykkel/gange og trygg skoleveg. I dette framlegget heiter det også at utvalet etterlyser vurdering av forslag frå ordføraren om å omprioritera byvekstmidlar/beløningsmidlar for å innføra gratis kollektivtransport i de neste fem åra fram til ny sotrabru er ferdigstilt.
Også FP sitt framlegg (i to punkt) vart røysta ned. I dette forslaget heiter det at kommunen søkjer Miljøløftet om midlar til utvikling distribusjonssenter senter for hydrogen til miljøvennleg teknologi og innovasjon mot post 66- midlar og at kommunen søkjer Miljøløftet om midlar til utvikling av område og demningar til kraft formålstenlege tiltak knytt til miljøvennleg teknologi og innovasjon mot post 66-midlar .
Etterbruk av Glesnes
Utvalet vedtok å gje Øygarden folkehøgskule tid til å arbeida vidare med å etablera folkehøgskule slik det kjem fram i saka.
I forkant av behandlinga av saka vart det gjeve orientering om prosjektet. I saksutgreiinga går det fram at Glesnes skule ikkje vert sanert før ein har fått ein skikkeleg avklaring om moglegheita for ein framtidig folkehøgskule i bygget med frist til september 2022.
Tilskot breibandsmidlar 2022, behov for eigenfinansiering
Kommunen har fått positiv tilsegn frå Vestland fylkeskommune på søknad om breibandsutbygging. Som føresetnad for eit utbyggingsprosjekt ligg krav om 25 prosent eigenfinansiering. Nasjonal kommunikasjonsmynde (NKOM) i samarbeide med fylkeskommunar lyser årleg ut midlar til utbygging av breiband i område der det ikkje er kommersielt lønsamt å bygga ut. Midlane vert tildelte basert på søknadar frå kommunane.
Utvalet tilrår overfor formannskapet å gje tilslutnad til breibandsutbygging som omtalt i saka. Eigendel i samband med aktuell utbygging, 250 tusen kroner, vert lagt inn i budsjett 2023.
Parallelloppdrag Straume, - organisering og finansiering
Utval for samfunnsutvikling (UFS) behandla i mai 2022 ei sak om «Parallelloppdrag Straume». «Parallelloppdrag Straume» handlar om å engasjera fleire arkitektmiljø for å få kreative innspel til korleis regionsenteret bør vidareutviklast, med utgangspunkt i arealet på og kring Stovevatnet. Saka til møtet no i september er ei oppfølging av saka frå mai månad, og kommunedirektøren gjer i saka greie for organisering av parallelloppdraget og korleis finansieringa er tenkt.
Utval for samfunnsutvikling tilrår å ta den administrative organiseringa av Parallelloppdrag Straume til orientering og å godkjenna finansieringsplanen for parallelloppdraget slik det går fram av saksutgreiinga.
Etter framlegg frå Høgre vart det vedteke eit ekstrapunkt om at utvalet vert orientert undervegs om arbeidt som er gjort.
Saka går til endeleg behandling i formannskapet.
Gav tilslutnad til uttale til høyring om regional plan
Det låg føre framlegg til uttale til høyring av planprogram for regional plan for senterstruktur og berekraftige lokalsamfunn i Vestland. Utvalet slutta seg til høyringsuttalen slik det går fram av saka
I uttalen heiter det mellom anna at Øygarden kommune anerkjenner den viktige rolla fylkeskommunen har som regional planmynde. Kommunen stiller seg bak viktigheita av å peika ut sterke regionsenter som bidrar til verdiskaping og konkurransekraft, sterke bu- og arbeidsmarknader, og utjamning av sosial og økonomisk ulikskap i fylket. Likevel synest Øygarden at planprogrammet er noko uklart. Det er ikkje ein konsekvent bruk av senteromgrep, noko som skapar usikkerheit om korleis den regionale planen vil påverka kommunane sin sjølvråderett. Kommunen at det kan vera vanskeleg å ta opp i seg alle strukturar og typar senter som er i eit så stort fylke som Vestland, men planprogrammet må likevel vera tydlegare i bruken av omgrep.
Øygarden kommune meiner at dei fylkeskommunale funksjonane og tenestene innanfor kollektiv og knutepunkt, mobilitet, helse, utdanning, kultur og infrastruktur, saman med dei kommunale tenestetilboda er viktige for å oppretthalda sterke regionsenter, med omland.
Høyringsuttale om straumnettet
Utvalet tilrår overfor formannskapet å slutta seg til framlegget til ein uttale om NOU 2022: 6 "Nett i tide - om utvikling av straumnettet"
I uttalen heiter det mellom anna at næringsutviklinga i Øygarden, og særleg rundt energiparken i Kollenes, er avhengig av tilstrekkeleg nettkapasitet og elektrisk kraft for å realiserast.
Innspel til budsjett 2023 og økonomiplan 2023-2026
Saka vart teken til orientering.
Statusrapport for Miljøløftet 2021
UFS tilrår å ta statusrapport for Miljøløftet 2021 til orientering.
Rapporten er ei oppsummering av aktivitetar og tiltak som er finansiert gjennom Miljøløftet i 2021, og gjev ei oversikt over status på økonomi og måloppnåing i samarbeidet så langt. To av tiltaka som Øygarden til no har fått tilsegn om midlar til er kulvert i Idrettsvegen (kr 10,6 millionar kroner) og Grønamyrvegen ( 57,7 millionar kroner).
Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.
Utsette sak om direkteoverføring av kampar og arrangement
Saka vert sendt tilbake til administrasjonen. UFS ber om at saka vert lagt fram for idrettsrådet til uttale før den kjem til behandling i UFS.
Nasjonale og regionale støtteordningar
Utval for samfunnsutvikling tek sak om strategi for søknader på nasjonale og regionale støtteordningar til orientering.
Tekst og foto: Vigleik Brekke