Tek i bruk topp moderne barnehage

Måndag 7. juni kan styrar Evelyn Spilde ønskja 76 barn velkomen til topp moderne lokale i nye Spildepollen kystbarnehage.

Styrar Evelyn Spilde framfor den nye barnehagen. - Klikk for stort bileteStyrar Evelyn Spilde framfor den nye barnehagen. 

Barnehagen på fem avdelingar, med ein kapasitet på 90 barn, ligg like ved Spildepollen skule og representerer det siste tilskotet til det som kan kallast eit nyetablert oppvekstsenter i området. 

Frå neste veke vert Telavåg og Glesnes barnehage erstatta av dette flotte nye barnehageanlegget. Det er ein stolt styrar som kan visa oss rundt i lokala inne. Uteanlegget er heller ikkje noko å seia på.

- Barna fortener å få ei oppgradering. Her har vi to små avdelingar, to mellomstore avdelingar og ei stor avdeling. Nokre av barna kjem frå heimar der foreldra har arbeid knytt til Porsvika, forklarar Evelyn Spilde. Barnehagen har 27 tilsette (22 årsverk).

Christian Alsaker i avdeling innkjøp og investering seier at den nye barnehagen har ei kostnadsramme på 41,8 millionar kroner inklusive meirverdiavgift.

- Visjonen er å skapa eit senter for oppvekst som knyter bygdene saman, seier Alsaker.

Også leiar i utval for samfunnsutvikling, Andreas Kallekleiv, var med på omvisinga måndag ettermiddag.

- Eg gjev barnehagen terningkast seks. Her er flotte fasilitetar, lure løysingar og god arealutnytting. Barnehagen ligg tett opp til skule, idrettsanlegg og bustadfelt, seier ein nøgd utvalsleiar.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Frå venstre; Evelyn Spilde, Andreas Kallekleiv og Christian Alsaker - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Barnehagen har eit moderne storkjøken. Evelyn Spilde håpar å kunna servera varmat eit par dagar i På biletet ser du også Andreas Kallekleiv (til venstre) og Christian Alsaker.. - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete