Tek endeleg stilling til byvekstavtale

Den 20. februar skal kommunestyret gjera endeleg vedtak om Øygarden kommune for sin del skal godkjenna byvekstavtalen. Så langt har fylkeskommunen, og kommunane Bergen og Askøy godkjent avtalen. 

Frå signeringa av avtalen den 4. desember. Ordførar Tom Georg Indrevik underteikna på vegner av den nye kommunen. - Klikk for stort bileteFrå signeringa av avtalen den 4. desember. Ordførar Tom Georg Indrevik underteikna på vegner av den nye kommunen. Vigleik Brekke  

Tysdag den 18. februar skal Bjørnafjorden kommunestyre behandla avtalen, medan saka står på dagsorden for Alver og Øygarden kommunar den 20 februar.

Den 4. februar tilrådde formannskapet Øygarden å godkjenna byvekstavtalen. Avtalen som vart underteikna av fem kommunar, Samferdsledepartementet, Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Vestland fylkeskommune den 4. desember, er ikkje gjeldande før alle dei lokale avtalepartnarane har fatta politiske vedtak. Bergen bystyre godkjende for sin del byvekstavtalen den 29. januar. Avtalen skal behandlast av fylkestinget den 10. februar. I tillegg skal kommunestyra i Øygarden, Askøy, Alver og Bjørnafjorden ta stilling til avtalen.

Staten forpliktar seg til å bidra med 13,3 milliardar kroner (2020-kroner) gjennom avtaleperioden 2019-2029. For Øygarden kommune utgjer dette eit årleg gjennomsnitt på 41,9 millionar kroner i avtaleperioden.

Gjennom byvekstavtalar inngår stat, fylkeskommunar og kommunar eit forpliktande samarbeid om å finansiere eit meir miljøvenlege transporttilbod i storbyområda. Kommunar og fylkeskommunar som inngår byvekstavtale med staten, skal leggja til rette for ein arealbruk som mellom anna byggjer opp under staten sine investeringar i kollektivtransport, sykling og gange. Det er eit tydeleg mål at den framtidige veksten i transportarbeid skal takast med dei miljøvenlege transportformene, og ikkje med personbil.

Andre saker i kommunestyret den 20. februar

  • Interpellasjonar og spørsmål
  • Orientering om Nye perler i nordsjøløypa og godkjenning av prosjektplanen
  • Oppstart av kommunal planstrategi 2020 – 2023 – prosess, pågåande planoppgåver og arbeid med kommuneplanen
  • Smittevernplan med pandemi-del
  • Oppmoding i frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet om busetjing av flyktningar i 2020
  • Høve til å søkja skjønsmidlar til fornyings- og innovasjonsprosjekt (prosjektskjønn)
  • Høyring på lokal inntaks- og formidlingsforskrift til vidaregåande skular i Vestland fylkeskommune
  • Avklaring av politisk delegeringsreglement
  • Val av politisk utval for oppfølging av kommunedirektøren
  • Nye satsar for SFO
  • Sluttbehandling med motsegn - Detaljregulering for Ebbesvikneset - gbnr 45/4 m.fl. – Ebbesvika
  • Folkerøysting om kommunenamnet
  • Politisk plattform 2020 – 2023
  • Korleis sikra pensjonsandel for folkevalde som vert trekt i løn frå arbeidsgjevar
  • Ny selskapsavtale for Interkommunalt arkiv i Hordaland IKS frå 2020
  • Val av representant til representantskapet til interkommunalt arkiv 2020-2023
  • Val av medlem til representantskapet for Bergen og omland Farvannsforvaltning (BOF IKS) 2020-2023
  • Val av politiske representantar til samarbeidsutvala ved grunnskulane
  • Val av representantar til styret i stiftinga Fjell Festning
  • Val av representantar til styret i Bustadstiftinga
  • Val av styremedlemmar til stiftinga Johannes Kleppevik sitt minnefond
  • Val av representantar til styret i Kystmuseet i Øygarden 2019-2023
  • Val av representantar til styret i stiftinga Nordsjøfartsmuseet 2019-2023
  • Val av representantar til årsmøtet i IUA Bergen region for perioden 2019-2023
  • Val av representant til Kystkultur no! for perioden 2020-2023
  • Fritak for politiske verv og suppleringsval

Møtet vert halde i Øygarden rådhus på Straume og tek til klokka 14.00. Møtet vert overført på nett-TV.

Møtet startar med informasjon om om Bustadstiftinga og Øygarden bustadutvikling. Det vert også opplæring i føring av reise og møtegodtgjersle.

Her er innkalling med saksdokument.

Tekst: Vigleik Brekke