Team-Hilde gjekk til topps i korslaget

Litt etter klokka 20.30 på laurdag vart Team-Hilde kåra som vinnar av det store korslaget. Konkurransen var ein del av den store opningsfestdagen for Øygarden kommune laurdag 4. januar. 

Vinnarkoret; Team-Hilde - Klikk for stort bileteVinnarkoret; Team-Hilde Geir Jensen  

Inklusive 500 koristar var tre tusen samla i Sotra Arena.

- Strilen kan syngja, var den treffande konklusjonen til konferansier Regine Oen Hatten då kora var ferdige med kvar sine to songar, eín på norsk og eín på engelsk. Medkonferansiér var Tor Bjørge.

Den politisk-administrative juryen var samansett av kulturleiar Christel Møvik-Olsen, ordførar Tom Georg Indrevik, varaordførar Torill Selsvold Nyborg og kommunalsjef for Kultur og samfunn, bonde, honningprodusent og Tesla-eigar, Råmund Skjold. Etter at kora hadde gjort sitt, møtte dei fagjuryen for å kåra vinnaren. Leiar av fagjuryen, Helga Golten, grunngav kvifor Team Hilde gjekk av med sigeren.

- Koret viste stor sangglede og gav tydeleg uttrykk for at dei meinte det dei song. Koreografien var flott, solistane var gode og teksten var tydeleg. Det var proft, reint, samstemt, underhaldande med ei flott forteljing, sa Golten då ho utropte vinnarkoret.

Prosjektkor

Hilde Sæle er dirigent for koret som er samansettav 23 koristar. Dette var eit prosjektkor som har sitt utspring i Tremorkirken, Straume Forum og Danielsen skule.

- Det er eit venners kor, seier ein stolt dirigent. Songane dei framførte var «Fyll ditt sinn» og «Higher love».

Den politisk-administrative juryen var imponert over nivået på alle kora.

- Vi er privilegerte når vi har dette nivået, sa Tom Georg Indrevik.
 Team-Vivian hadde med Roy vorland som solist. - Klikk for stort bileteTeam-Vivian hadde med Roy vorland som solist. Geir Jensen  




Gamleordførarane var på scena mot slutten og song Songen frå vest saman med Roy Vorland og publikum. Dei var også imponerte over nivået.

- Eg er utruleg imponert over nivået. Det er kjempeflott med slik allsidigheit, sa Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell).

- Det var ein fantastisk flott kveld. Det handlar om å byggja Øygarden, sa Børge Haugetun (Øygarden). Konferansier Tor Bjørge vaks opp med Børge og påstod han var «spikje» galen som smårolling. Bjørge tok seg inn igjen og måtte vedgå at han var ein fin fyr.

God gamaldags bygdakveld

Kari-Anne Landro (Sund) hadde vore på scena sjølv og delteke i eitt av kora.

- Dette var ein god gamaldags bygdakveld i ny innpakning, sa Landro.

Dei kora som deltok i den skarpe konkurransen var Øygarden kulturskulekor, Kor i Øygarden, Team-Hanne, Fjellkoret, Gospelteens, Algrøykoret, Vaksne som vil vera unge, Team-Vivian, Team-Hilde, Kor gale kan det bli, Kor Gøy og Team-Julie.

Etter at salen var rydda etter korslaget, var det klart for dans med Gardsbruk frå klokka 23 der dei vaksne kunne dansa seg inn i dei små nattetimane. Sundag var det klart for fellesgudsteneste.

Tidlegare på laurdagen var det offisiell opningsfest og aktivitetar.

Sjå video frå opningsveka her

No ligg det video frå opningsfesten/Glesnesrevyen og korslaget 4. januar. Her vil det også komme video frå gudstenesta søndag 5. januar.

For å finna det arrangementet du er på jakt etter, klikk på ikon oppe til høgre eller på pil høgre/venstre i videoen.

Du kan også sjå videoen her.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Geir Jensen

 

Her er fleire bilete frå korslaget:
 

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete