Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna.
Opningstid kl. 08.00 til 15.00 alle dagar (mån-sun).
Her finn du oppdatert informasjon, råd og tiltak om koronaviruset i Øygarden kommune

- Takk ja til gratistilbod!

Ordførar Tom Georg Indrevik er klokkeklar i rådet til innbyggjarane i Øygarden.
- Finn fram sykkelen og gjer bruk av gratistilbodet frå basecamp repro om enkel service av sykkelen!

Alexander Espeland og andre medarbeidarar på Basecamp Repro er klar til å gje deg gratis enkel service på sykkelen. Ordførar Tom Georg Indrevik har allereie nyttta seg av tilbodet.  - Klikk for stort bileteAlexander Espeland og andre medarbeidarar på Basecamp Repro er klar til å gje deg gratis enkel service på sykkelen. Ordførar Tom Georg Indrevik har allereie nyttta seg av tilbodet.  

Mobilitetsveka 2020 i Øygarden vert markert på Sotraplassen mellom klokka 14.00  og 17.00 torsdag 17. september. På torsdag og på kvardagane fram til 22. september tilbyr Basecamp Repro på Straume enkel service av sykkelen din heilt gratis

Sykkelreparatør og erfaringskonsulent Alexander Espeland er saman med andre på Basecamp Repro klar til å hjelpa deg til å få ein sikker og god sykkel. Møter du opp med sykkelen får du justert gir og bremsar, smurt kjede og drivverk og sjekk av lufttrykket på dekka.

- Eg har inntrykk av at koronaviruset har bidrege til at fleire syklar. Vi har i alle høve hatt fleire reperasjonsoppdrag og selt fleire reparerte syklar i denne perioden, seier Espeland.

I dag (onsdag) var ordførar Tom Georg Indrevik var på plass med sykkelen sin framfor Konglo i strålande solskinn. Han er også på plass på markeringa på torsdag.

- Dette tilbodet må du nytta deg av. Kanskje vil det visa seg at du kan kjøpa ein god bruktsykkel som er reparert på Basecamp Repro. Etter kvart som barna veks til, treng dei ein større sykkel. Med dette kan vi bidra til berekraft og god gjenbruk, seier ordføraren.

På lageret har Basecamp Repro 160-170 syklar som er reparert og skal reparerast. - Klikk for stort biletePå lageret har Basecamp Repro 160-170 syklar som er reparert og skal reparerast. 
Ein del av Europeisk mobilitetsveke

Europeisk mobilitetsveke vert arrangert 16.-22. september over heile Europa, og meir enn 2 300 byar og tettstader deltek i 2020. Dette er dermed den største kampanjen for miljøvennlig transport i Europa.  I 2020 er hovudbodskapen "Utsleppsfri mobilitet for alle" med slagordet "Gjer ditt val!". Temaet fokuserer på å fremja utsleppsfri mobilitet for byar og tettstader og universell utforming. Det inkluderer kollektivtransport, delt mobilitet, gåing og sykling, men også elektriske køyretøy og alternative drivstoff.

Målet med kampanjen i 2020 er auka bevisstheit om bruk av nullutsleppsteknologi, som er eit viktig verkemiddel for å nå våre klimagassforpliktingar. Alle skal ha rett til å bevega seg på ein berekraftig måte, uansett inntekt, kjønn, opphav, alder og funksjonsevne.

Tekst og foto: Vigleik Brekke