No kan du søkja straumstøtte for perioden oktober, november og desember 2022. Lotteri- og stiftelsestilsynet vil betale ut straumstøtte fortløpande etter dei har opna for søknadar, slik at dei som søkjer tidleg kan få pengane raskast mogleg.
Straumstøtteordninga gjeld for organisasjonar med straumforbruk med ein månadleg gjennomsnittspris på over 70 øre per kWt i søknadsperioden. Mottakarar får dekt 90 prosent av prisforskjellen mellom 70 øre per kWt og den månadlege gjennomsnittsprisen. I dei tidlegare søknadsrundane har kompensasjonsgraden vore 80 prosent.
For desember kan også Midt-Norge (NO3) og Nord-Norge (NO4) søke om støtte. Her kan du sjå oversikt over kva for område som er omfatta av ordninga.